309 Henrik Krohn, 30.3.1872

Hr. H. Krohn.
 
Stor Takk skal De hava fyre Brevet. Det var meg rettelege kjærkomet no aa høyra nokre Ord fraa ein Mann, som eg kann halda med; eg fær elles høyra nogo myket fraa Folk, som eg inkje kann samstavast med. Eg sit her og strævar med desse endelause lange Arbeidi mine; og med alt det ser eg liten Mun av di; det er helder likt til, at Folk verda alt galnare og galnare, di lenger ein preikar fyre deim. Og so er det no den Uheppa og med denne Byen. at galnaste Folket samnar seg her og slær alle sine Grillor i Hop, og naar dei daa er djerve nog til aa riva ned alt, som gjort er fyrr, og setja upp nokot spildrende nytt i Staden, so hava dei alltid Von um eit stort Medhald; for alt det, som er nokre Aar gamalt, det er ikkje lenger tolande paa ein slik Stad, maa vita.
 
Det er ein undarleg Ting. at Bøker. som er utkomna i Bergen skulo trenga so utrulege lang Tid til aa vinna seg hit; det ser mest ut, som dei inkje vilde syna seg her paa denne Sida. I langa Tider hadde eg seet ymse Lysingar i Bladom, um at 5te og 6te Hefte av "Fraa By og Bygd" var aa faa hjaa Gjertsen i Bergen, men her hjaa oss var inkje aa faa. Fyrst no nylege fekk eg sjaa, at dei var hitkomne, og soleides er det ikkje meir enn knapt so myket, at eg heve leset deim. Det torer no vel henda eingong, at ogso Nygaards Grammatik i Gamle-Maalet kjem sigende hit; men det verd vel langt aa bida endaa, kann eg vona.
 
Det er meg ein Hugnad aa lesa Tidskrifti fraa Vestmannlaget; for der er daa ein Tanke, som eg kannast ved, og eit Maal, som eg kann lesa. I Bergen verd det daa alltid gjort nokot til Gagns; her hjaa oss verd det ikkje gjort stort annat en Ugagn. Me hava havt ymse gilde Gutar med oss fyrr; men so missa me den eine fyre og hin etter; anten flytja dei burt, elder ogso faa dei so myket Stræv med sine eigne Saker, at dei aldri faa Tid til nokot annat. So er det no med Berner; han var komen paa ein god Veg med Landsmaalsskrifti; men so tok han paa seg detta Dagbladet, og siden er han so bunden med alt det Styr og Stell, som dertil høyrer, at han er reint forkavad. Ein annen god Mann var J. E. Nielsen; men han vardt Politiemeister paa Kongsberg, og siden høyra me ikkje nokot meir fraa honom. So er det E. Blix; det er ein Fagna-Mann av beste Slaget, men han er no i Utlandet, og naar han eingong kjem atter, so fær han vel snart eit Embættte, og so heve han nog med sine eigne Greidor. Soleides missa me alle dei beste; og det styggaste er, at det inkje kjem nokot nytt Folk attaat, annet en ymse Galningar, som berre riva ned og inkje byggja upp. Her er fulla nokre, som kalla seg Maalmenner og laast verka fyre Maalreisningi; men dei gjera det no paa slik Maate, at dei berre hjelpa vaare Motstandarar, og inkje oss, og med det same gjera dei Aalmenningen so villraadig og uviss um det rette Landsmaalet, at Folk maa tru, at det er berre Slarv alt i Hop. Mest merkjelegt og snart utrulegt er det, at dei skulde finna so mange Lesarar, at dei kunne halda sitt Verk i Gang; men det kjem no myket av denne Nyfikna og Umskifte-Sykja, som grasserar hjaa Byfolket, so at dei alltid maa hava ein ny Skapnad fyre Augom og aldri kunne lide det, som er nokre Aar gamalt.
 
Naar De no heve bedet meg um aa segja min Meining um De skulde halda fram lenger med Dykkar Verksemd i Maalsaki, so er det, som De hadde vonat, at eg kjem i nokor Uvissa um, kvat eg skal segja um den Ting. Men det er ikkje so til aa taka, som at eg skulde vera lika glad, anten De gjorde so elder so; det er langt derifraa. Det einaste, som set meg i Uvissa, er den Otten, at denne Verksemdi snart kunde vera til for myket Tidspille fyre Dykk og soleides føra til Tap i den næmaste og naudsamaste Livsgjerningi. Naar so er, so kann eg inkje undrast paa, um De stundom leidest av eit takkelaust Arbeid og ynskjer, at andre vilde ogso stræva ei Stund frametter. Og i slike Umstand veit eg litet aa giva nokor Raad, uten det skulde vera so lagat, at De kunde finne andre duglege Folk, som kunde drive nokot friskare paa med Arbeidet, so De sjølv fekk taka det lettare og inkje øyda so myki Tid med det. Kunde det vera Von til, at andre kunde stella med Tidskrifti, so De sjølv berre kunde nøyta eikor Fristundi til aa hjelpa til med eit Stykke, so vilde daa nokot vera vunnet, med di at De daa fekk betre Tid til det vigtugaste Verket og so ymist kunde tenkja paa det andre med. Men so er det no Spursmaal um, kor mange der er, som hava god Hug og høveleg Tid til slikt Arbeid.
 
Denne Tidskrifti Dykkar likar eg rettelege vel, og helst dei Stykki, som De sjølv heve skrivet. I Fjor ei Stund var det nog inkje fritt, at eg tykte, De leet for vel yver Tydsken og for myket illa yver Franskmannen; men detta er no nokot, som ikkje kjem Maalsaki ved, og med alt det so likar eg Skrifti lika godt. Um det sidste Stykket fraa Dykk (i 6te Hefte) tykte eg endaa, at det var makelaust vel skrivet og betre en alle dei fyregangande. Og difyre var det og som ein Støyt fyre meg aa høyra, at De skulde hava so liten Hugnad av Arbeidet, og so liti Uppmoding til aa helda ved med di. Men det er vel same Uheppa i Bergen som her, at det kann vera mange, som skunda paa, at nokot skal vera gjort, men faae som bry seg nokot stort um det, som eingong er gjort.
 
Det er alt for sant, at det no er myket dauvlegt med Maalsaki, og at der just ikkje er mange gode Syner fyre næmaste Framtidi. Men so kann eg no aldri tru, at det er reint vonlaust helder. Eg heve no alltid havt ein Otte fyre det, at det vilde ganga baade seint og ubeint med denne Freistnaden, at ymse duglege Menner vilde verda trøytte, og at ymse Fuskarar vilde stiga upp og freista paa aa skjemma ut heile Verket. Men so kann eg daa helder ikkje tru, at den gamle Tanken skulde verda reint uppgjeven, elder at vituge Folk skulde slaa seg til Ro med nokot Fuskarverk. Endaa um so skulde vera, at det skulde ganga nokre Aar, daa det inkje vardt nokot skrivet (annat en Fusk), so vonar eg daa vist, at det eingong vilde taka seg uppatter. Eg heve jamnan tenkt so, at dersom alle visste det same som eg um Maalskipnaden, so vilde dei fleste ogso koma paa same Tanken um kor Maalet skulde vera medfaret. Eg vilde berre, at det skulde altsaman vera upplyst og kunngjort fyre heile Folket; men so er det Uheppa, at det vardt for mangt og for langt, so at Folk ikkje hadde Tolmøde til aa høyra det. Difyre vilde eg no fyrst berre segja det vigtugaste og dernæst giva ei liti Rettleiding fyre deim, som sjølve vilde gjera nokor Hjelp. Det leidaste er no det, at ymse Folk giva seg til aa skriva, som slett ikkje kunna Maalet, og so dernæst, at sume er so kloke i si eigi Innbilling, at dei aldri bry seg det minste um, kvat andre hava gjort, og aldri vilje fylgja nokor onnor Rettesnor en sine eigne Grillor. Slikt er no nokot, som ein alltid kann venta, og som kann vera harmelegt nog, med di det alltid hindrar og seinkar den rette Framgangen; men endaa kann eg no aldri tru, at Saki skulde falla fyre den Skuld. Der vil daa alltid vera Folk, som skyna Skipnaden betre og som helst vilja sjaa Maalet i ein sømeleg Skapnad, og daa tenkjer eg, at dei knapt vilja finna nokor tryggare og stødare Form en den, som me, Rudningsmennerne, hava sett upp.
 
Eg kunde visst hava mangt og myket til aa fortelja, men so fær eg daa gjera ein Slutnad paa Brevet, som no alt hever vordet langt nog, endaa det visst er altfor liti Upplysning i det. Det er ein undarleg Ting, at det alltid fell meg so tungt aa skriva Brev; det koster meg so myket Stræv og Studering, at det er reint utrulegt; og endaa gjeng det jamnaste so, at eg ikkje rett kjem uppaa kvat eg skulde skriva, fyrr ei Stund etter at Brevet er avsendt. Men nog derum. Eg takker fyre Helsningi og ynskjer Dykk eit godt Mod og ei god Lukka.
 
Kristiania, den 30te Marts 1872.
I. Aasen.
 
Utanpå: Til/Hr. Henrik Krohn/i/Bergen.
Betalt.
Poststempel:Christiania 30 .3. 1872.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. i UBB (ms. samling nr. 790 F, før prenta ved O. J. Larsen i SS 1902, s. 297-301), omframt kladd og to utkast (det eine i NFS Aasen, pk. 11,9).
 
- Den 4. mars 1872 spør H. K. (brevet prenta ved H. Falck Myckland i SS 1950, s. 337-340) om han skal halda fram med målarbeidet m. m. og bed I. Aa. gje honom råd.
 
- Henrik Krohn (1826-1879), kjøpmann i Bergen 1846-58, skipa 1862 eit lite, privat mållag, «Namnlaus», gav ut «Ferdamannen» 1865-67, skipa «Vestmannalaget» og var ein føregangsmann i alt målarbeid (sjå elles merknader til Br. nr. 229 og Br. nr. 231, «Skrifter av Henrik Krohn», med føreord av K. Janson, 1909, SS 1931, s. 327 ff., 406 ff. og 1934, s. 217 ff.).
 
- «Fraa By og Bygd», 1-10, 1870-79, utg. av «Vestmannalaget».
 
- «Oldnorsk Grammatik til Skolebrug», 1871 (Lista nr. 111)
 
- Maalreisningi] sjå m. a. V. Skard: «Frå Dølen til Fedraheimen», 1949, og O. Fjørtoft: «Olaus J. Fjørtoft», 1921 (jfr. Garborg i «Den 17de Mai», 1922, 21. jan.).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009