450 Omsetjingar av stykke frå Bibelen

1. Sam. 3, 18. Han er Herren; han gjere som honom synest.
 
2. Sam. 15, 26. Sjaa her er eg! Han gjere med meg som honom tekkjest.
 
1. Kong. 19, 4. Dat er nog. Herre tak mi Saal; eg er ikkje betre en mine Forfeder.
 
Job 38, 11. Hit skal du koma og ikkje lenger; her skal du stadna dine stolte Baaror. El. her er Stengsla &c.
 
Es. 45, 9. Skal Leiret segja til Krukkemakaren: Kvat gjerer du?
 
Rom. 9, 20. Kann vel nokot, som er skapat, segja til den som skapade det: Kvi gjorde du meg so?
 
Matth. 10, 29. Selja dei ikkje tvo Sporvar fyre ein Pening? Og ikkje ein av deim fell aat Jordi, utan dykkar Fader vil.
 
Jf. Luc. 12, 6. Og ingen av deim er gløymd av Gud.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd (sjå merknad til Br. nr. 449). Denne omsetjinga kan vera skriven noko seinare enn den andre omsetjinga som står på same arket. [Den andre omsetjinga er av Djupedal tidfesta til om lag 1860.]
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009