258 Marius Nygaard, 16.9.1863

Høgstærade.
 
Det var ein Hugnad no i desse Bilom at faa eit Brev i Landsmaalet; for det er lenge, siden eg las nokot norsk, og lenge siden eg skreiv nokot og. Eg balar so lenge med at skriva um det, at eg aldri fær skriva nokot i det; og difyre kann det vel turvast, at eg minner meg paa det atter. Og so var det ogso Moro at høyra, at Folk vilje hava ei Greiding av Maalhøvi vaare, og det  endaa fraa ein Mann, som sjølv helder med det norske Maalet og inkje hatar det, so som dei fleste av vaare Bladskrivarar gjera. Hadde det no voret so vel, at eg kunde giva ei liti Tilstudning til denne Maalgreidingi, so skulde eg fulla tykja, at det var gildt; men eg tenkjer no mesta so, at eg veit ikkje nokot stort til at fortelja annet en det, som De sjølv hever funnet fyrr. Og ein annan Ting er no det og, at eg tykjer, det er vel tidlegt endaa at giva nokor Fortelning um denne Saki, siden altsaman er berre eit Upphav elder ein Freistnad, som inkje hever havt Tid til at gjera nokon Framgang endaa. Men kor det no kann vera med detta, so kann eg daa alltid nemna ymse Merkjestader elder Punktar, som etter mine Tankar kunde vera medtakande i ei slik Avgreiding.
 
Eg veit ikkje visst, um De vil skriva um Maalskiftet fraa dei fyrste Tider, elder um fyrste Upphavet til dansk Maalbruk i Norig. I det Tilfellet vilde og gjera den Merknaden, at etter alt, som eg kann finna, er der liten Grunn til berre at skulda paa det danske Herredømet, som Folk alltid ero so hugade til. Av dei samnade Brev og Skrifter, fraa Tidi ved Aaret 1400 og fram etter, fær eg no alltid den Umtokken. at Nordmennerne hava seg sjølve at paaskulda fyre Vanskipnaden med Maalet. Ein kann vel knapt segja, at dei norske Hovdingarne under Eirik av Pommern vaaro nøydde til at skriva dansk; men lika vel hava dei daa byrjat so smaatt med det. Og under Kristian III kunde vist endaa nokot vera gjort ved Maalet, naar berre Nordmennerne hadde viljat men nokot slikt sjaa me aldri Merke til. Det vardt ikkje eingong eit Prenteverk tilkostat i Noreg fyrr en fram mot 1650, heile 200 Aar etter at Prentekunsten var uppkomen. Endaa dei norske Logerna laago lenge uprentade og til Skade fyre baade Folk og Regjering, og Kristian IV laut baade lokka og truga dei norske Embættesmennerne, fyrr han fekk deim til at gjera Tilbuning til ei Utgaava av Logboki; og so vardt det daa ogso ei undarleg Utgaava. Og naar inkje nokot betre vardt gjort i dei Tidom, so verdt det so myket vandare sidan.
 
Den store Grunnskaden var, at det vantade kunnige Talsmenner fyre Landsens Aalmuge, og at det alltid berre var tenkt paa det, som var maklegaste fyre Stormannsstandet, og inkje paa det som var maklegaste fyre Aalmugen. Dei smaa Ordsamningarne, som sidan komo ut, synast berre vera gjorde til ein Lette fyre Embættesmannen, at han kunde skyna nokot meir av det, som Folket talade. Den fyrste Ordsamnaren, som me kjenna, er Presten Jensen paa Askvoll; i Fortalen til hans "Norske Dictionarium" (Kbh. 1646) nemner han "det gode gamle norske Maalet" liksom med ein Sukk; men hans Klaga gjeng daa mest ut paa det, at ymse gamle Ord verda vanskøytte, og ymse framande Ord verda innførde. Hundrad Aar seinere kom Pontoppidan med eit Glossarium (Bergen 1749), og han talar ogso myket um framande Ord; han synest endaa at leita baade vidt og breidt etter ei Orsak til den uventede Finningi, at det norske Maalet var rikare en det danske; men med alt detta seer det daa ut til, at han, som var dansk Mann, hever havt eit gløggare Auga fyre Aalmugabruket en som mange andre. Etter hans Tid kom det ein heil Hop av Ordsamningar (av Strøm, Wille, Wilse og fl.), som sidan vordo samanlagde i Hallagers Ordsamning, men altsaman synest mest vera gjort fyre berre Forvitna og liksom fyre Moro Skuld. Vistnog hever Hallager umtalat, at det norske Aalmugamaalet er so vel avmerkt og fraaskilt fraa dei andre Maali, at det vanter ikkje annet en berre Bøker i det; men etter som det synest, hever han dermed inkje tenkt paa annat en berre paa Skrifter i ymse Bygdarmaal. Og millom dei andre, som hadde skrivet um Bygdarmaali, var det faae, som hadde gjort nokon tydeleg Skilnad paa dei "grammatiske" Formerna. Den Mannen ,som hadde gjort det best av deim alle, var Presten M. Schnabel (i hans Stykke um Hardangermaalet, i Norske Vidensk. Selsk. Skrifter, 1784); men han lagde seg til at døya, just som han hadde byrjat paa eit Verk, so[m] viser so ovlega gode Teikn, at det er myket tregeade, at det inkje vardt fullført. Um dei aalkjende Dølevisorna av Storm og Stockfleth kann ein ogso segja, at dei vaaro tollega gode i Maalformi; men derimot hava dei det Lytet, at Ordskipnad og Tankelag er ofta alt for framandt, so det snaraste seer ut som ei "Skalkaherming" etter den Diktar-Seden, som daa var høgst i Mode. Og det kann og vera sagt, at so lenge som alt gjeng ut paa berre at skriva "ortofonisk" i ymse Bygdarmaal, kann det aldri verda nokor stor Framhjelp i det. Det minner mest um den gamle Regelen "Skil i sunder, og raad so sjølv" (Divide et impera); for det verd helder mange Maal, og inkje som er til Gagns.
 
I same Bilom hadde ymse Bokmenner ogso freistat at upptaka einskilde norske Ord i sine danske Skrifter. So smaatt var detta alt byrjat med Peder Dass og Povel Juel; men detta hadde no inkje stort at tyda paa ei Tid, daa Maalet endaa var myket ustødt, baade hjaa norske og danske Skrivande. I sidste Helfti av fyrra Aarhundradet vardt det derimot drivet myket vidare av ymse Nordmenner, som Gunnerus, Sommerfeldt og Chr. Hammer. Denne sidste var ein forfælande "norsk Nordmann"; men so var det no myket Skravl med honom, so at hans Samtidingar gjorde berre Narr av honom. Derimot var Amtmann Sommerfeldt just ein Mann, som nøytte norske Ord paa ein skynsamleg Maate, serlega i hans Jorddyrkings Bøker, som vistnog vaaro til stor Hjelp fyre den norske Aalmugen, so at det er myket undarlegt, at hans Aalmugabøker skulo no vera so reint avgløymde, som dei ero. Men det hever aldri fylgt nokor vidare Heppa med denne "Upptakningi"; me hava Exempel nog fraa den seinere Tidi. Jakob Aall slapp tolla lett av; for Folk tykte vel so, at i slik ei gomol Krønik som Snorraboki var det no inkje so grant med det. Men Wergeland fekk mangein Snert fyre sine "Bondeord"; Rektor Bugge fekk Skam til Takk fyre sitt Stræv, og sidan fleire etter honom. Me hava ikkje lenger at fara en til Landstad, som no fær so dugelege "Reistingar" paa alla Sidor.
 
Um Framgangen med Maalsaki i dei seinaste Aarom kunde det no synast lettare at finna Upplysningar nog, siden altsaman er so nytt; men naar eg tenkjer meg um, so er inkje alt so lett at minnast endaa. Det gjeng no so i desse Dagar, at me alltid læra nokot nytt og gløyma nokot gamalt, so at alt det, som var fyre tie elder tjugo Aar siden, vil reint smetta seg ut or Minnet. Eg veit, til Exempel, at det fyre tie - tolv Aar sidan var ein Maalstrid millom Knudsen og Munch; men eg minnest ikkje grant, kvat Striden gjekk ut paa. Jamnaste var det no Skrivemaaten og Uttalen i "dansk-norsk" og so denne Upptakningi av norske Ord, som var umstridt i dei Tidom. Um "Landsmaalet" var det ikkje vidare Tale. I Grammatikken av 1848 torde eg inkje tala nokot stort um det, og mest fyre det, at eg var i stor Uvissa, um kor Maalformi skulde rettaste vera lagad; lika eins var det, daa Ordboki kom ut. Derimot hadde Munch gjenget myket viljugt inn paa Tanken um eit "Folke-Skriftsprog" (Lange's Tidsskrift, 2, 287), og Knudsen vilde ogso gjerna sjaa Bøker i eit Landsmaal; men ellers vilde han, at det norske Maalet skulde koma so smaatt um Senn, og inkje alt paa ein Gong (Lange's Tidskr. 4, 270). I ei Ummæling av "Folkevennen" leet eg nokre Ord falla um eit Landsmaal i Skrift (Same Tidskrift, 1852); men daa vardt det ogso ein Strid med det same. "Den norske Tilskuer" kom so glupande, at det var reint avskræmelegt (No 42 og 43, 1852). Eg laut endaa ut og svara i same Bladet og fortelja nokot, som eg trudde, at alle Mann maatte vita fyrr, at ingen hadde tenkt paa at jaga Dansken reint ut or Landet, korkje det Aaret elder næsta Aaret. Ellers so kom no denne Striden nokot for tidlegt; for det var ikkje nokon, som hadde seet nokot Landsmaal endaa. Det var fyrst eit Aar seinare (1853), at eg vaagade meg ut med mine "Prøver", som endaa var berre ein veik og trivlande Freistnad. Sidan kom eg atter til det same i Fortalen til dei "Norske Ordsprog" (1856), i eit Stykke om "Dannelsen og Norskheden" (Folkevennen 1857), og i den uheppne Fridtjovs Saga (1858), som vakte slik ein rjukande Storm av Maalstrid. Sidan kom det no fleire med i Leiken (Dølen, Hungervekja og fl.); og ei Stund saag det no illa ut, med di at det vardt for myken Skilnad i Skrivemaaten, og det vardt mesta som Bygdarmaal paa nytt Lag. Seinare hever det daa seet nokot likare ut med det; men nokon Einskap er det no inkje endaa, og inkje er det vidare ventande helder; for der er for litet til at retta seg etter endaa.
 
Men detta er no altsaman kjent og kunnigt eg trur knapt, at eg kann fortelja Dykk nokot, som De inkje veit fyrr; men lika vel hever eg daa skrivet desse Linorna, for eg veit av mi eigi Røynsla, at det ofta kann vera godt at faa ei liti Paaviisning, um det endaa er ei Sak, som me synest kjenna. Hadde det no voret utkomet nokot av det, som eg hever klorat saman i desse sidste Aarom, so kunde det vel voret til nokot større Rettleiding, kann henda; men det gjeng so spottelega seint med alle mine Tiltak, at eg er reint skjemd av di. Den nye Grammatik skulde no voret ute fyre longo sidan; men endaa er det ikkje trykt meir en 10 elder 11 Ark, so det vil vera knapt nog, um Boki kjem ut til Nyaaret. I Fortalen til denne Boki hadde eg ogso tenkt at koma med ei liti Maalsaga; men so vardt det myket for langt, og difyre hever eg sidan tenkt at gjera detta til ei liti Bok fyre seg sjølv og skriva henne i sjølve Landsmaalet. Dermed kunde eg ogso hava den Vinningen, at eg fekk skjella og smella, so myket som eg vilde; for det torer eg inkje gjera i Grammatikken, sidan eg der lyter vera nokorleides fiin og vyrdsam og tenkja meir paa Utlendingarne en paa vaare eigne Gapar. Ja, ein kann gjerna segja "Gapar". Det er ikkje mange Vikor, sidan det stod ei Røda i "Nyhedsbladet" um eit Maal "som kunde og skulde afløse Skriftsproget", og eit Maal, som ingen talar, men "som idelig maa tye til selvgjorte eller vilkaarligt dannede Udtryk" o. s. v. Det er den gamle Drøsa, maa vita! Det er vel Torv til ei sannare Maalsaga, skulde eg tenkja.
 
Men hermed fær eg daa enda Brevet. Og so vil eg ynskja, at De maa liva vel.
 
Kristiania den 16de September 1863.
I.Aasen.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. på UBO (brevsamling nr. 174), omframt kladd og utkast (og nokre oppteikningar). 
 
- I brev 27. aug. 1863 (prenta ved H. Koht i «Festskrift til W. Nygaard», 1913, s. 150-52) spør M. N. om hjelp med opplysningar om «dat merkjelegaste, som er skrivet um norskt Maal og Tjodskap» frå slutten av 1700-talet. O. Rygh har bede om ei utgreiing, «Saga aat norska Maalsaki», til «Tidsskrift for Philologie og Pædagogik», Kbh. (som ikkje vart skriven, men i staden skreiv M. N. ei melding om NG, sjå merknad til Br. nr. 26).
 
- Sjå elles Br. nr. 231 og Br. nr. 275 med merknader.
 
- Brev i Landsmaalet] bortsétt frå Br. nr. 181 og Br. nr. 186 er I. Aa.s fyrste brev på landsmål frå 1861 ( Br. nr. 242). Sjå òg Br. nr. 355. Til I. Aa. er det 10 brev på landsmål føre 1863: 1) Niels Juel, 1856 (sjå Brev til Ivar Aasen). 2) E. Sommer, 1858 (sjå merknad til Br. nr. 225). 3) Ola Stavseng (sjå merk­nad til Br. nr. 200). 4) A. O. Vinje, 1859 (sjå Brev til Ivar Aasen). 5) S. Bjørndal, 1859 (sjå Brev til Ivar Aasen). 6-10) E. Sommer, 1861-62 (sjå merknader til Br. nr. 240, Br. nr. 245 og Br. nr. 249).
 
- Maalskiftet] sjå m. a. I. Aa.s opplys­ningar i «Fortale» til NG, Bidrag og Atterførsla.
 
- Prenteverk] ved Tyge Nielssøn, 1643.
 
- Logboki] sjå innleiing til «Kong Christian den fjerdes Norske Lovbog af 1604», utg. 1855, og Indrebø s. 301 ff.
 
- Wille] sjå merknad til Br. nr. 174, samla 3000 ord i Telemark (sjå «Festskrift til A. B. Larsen», 1924, s. 95 f.) som I. Aa. ville sjå i 1882 (sjå Br. nr. 403).
 
- Ordsamling] sjå merknader til Br. nr. 33 og Br. nr. 47, og «Lærde Efterretninger», Kbh. 1789, s. 175-76, 1805, s. 339-51, 356-63.
 
- Marcus Schnabel (1744-1780) skreiv 1774 «Prøve paa hvorvidt det gamle Norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bonde-Maal», prenta 1784 (om hans arbeid sjå G. Indrebø: «Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter», i Bergens Museums Årbok 1933, hist. ant. rekkje nr. 1, sjå vidare «Aarbøger for nordisk Oldkyndighed», 1952, s. 5 ff.).
 
- Dølevisorna] sjå merknad til Br. nr. 47.
 
- «Skalkaherming»] og «skalkaherma» for parodi og parodiera, fyrst nytta av Vinje i 1859 (sjå Skr. I, 1943, s. 346) og seinare fleire gonger.
 
- «ortofonisk»] sjå merknad til Br. nr 139.
 
- Bokmenner] I. Aa. sette opp serlege lister over norske ord og vendingar i eldre litteratur, t. d. frå Povel Juel: «Et lycksaligt Liv», 1721, og «En god Bonde», 1722 (sjå òg merknad til Br. nr. 393 og Br. nr. 403).
 
- Johan Ernst Gunnerus (1718-73) har både i «Flora Norvegica», 1-2, 1766-72, og i naturvitskaplege merknader til K. Leem: «Beskri­velse over Finmarkens Lapper», 1767, nytta norske ord og termini. Sjå vidare merknad til Br. nr. 403.
 
- Christian Sommerfeldt (1746-1811) nytta og norske ord i sine skrifter.
 
- Jacob Aall (1773-1844) nytta sameleis sernorske ord i sogeomsetjingar. Det førde til ein målstrid (sjå D. A. Seip i «Festskrift til Alf Torp», 1913, s. 122 ff.).
 
- om Wergelands fornorskingsarbeid sjå m. a. D. A. Seip: «Norskhet i sproget hos Henrik Wergeland og hans samtid», 1914, og Indrebø S. 289 ff. -Bugge] om striden kring hans Iliadeomsetjing sjå Øverås s. 76 ff. I eit ekspl. av oms. (i Det kgl. Bibl., Kbh.) har F. M. B. skrive: «O! - den, hvis Sang er «saa dansk, saa fager / Som lysblaa Kornblomst paa Rugens Ager» - / Vil venligst høre en Nordmand sjunge; / Om end kun svagt, med Norrøna-Tunge! / Bergen 14. April 1852».
 
- Landstad] sjå merknader til Br. nr. 198, Br. nr. 221 og Br. nr. 263
 
- Maalstrid] sjå T. Knudsen: «P. A. Munch og samtidens norske sprogstrev», 1923, serleg s. 94 ff.
 
- Ummæling] sjå merknad til Br. nr 158 og Br. nr  164.
 
- Freistnad] sjå PL s. 72 ff. og E. Haugen: «The Origin and Early History of the New Norse Movement in Norway», i «Publications of the Modern Language Asso­ciation», vol. XLVIII, s. 538-97.
 
- «Dannelsen og Norskheden»] sjå merknad til Br. nr. 210 (årstalet 1856 skal vera 1857).
 
- Fridtjovs Saga] sjå merk­nader til Br. nr. 218, Br. nr. 222 og Br. nr 163. M. Nygaard skreiv «Lidt om norsk Sprog», i «Christiania-posten», 1858, 12. og 19. nov., jfr. E. Sundt i FV, årg. 7, 1858, s. 266 ff.
 
- Skilnad] sjå merknader til Br.nr. 176Br. nr. 225 og  Br. nr 229, og Br. nr. 226, Br. nr. 231, Br. nr. 249 og Br. nr. 250, o. fl. st.
 
- Røda] i ei melding [av P. Botten Hansen] i «Illustreret Nyhedsblad», 1863, nr. 26, 28. juni, av «Symra».
 
 
Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009