254 "Fortale" til "Noregs Saga i Stuttmaal", 6.10.1862

"Fortale" til "Noregs Saga i Stuttmaal. - Skrivi i Landsmaalet av Eirik M. Torvaldsson Sommer"
 
Forleggjaren til denne Boki hever bedet meg um at skriva nokre Ord som ein Fortale; og naar eg visste, at det kunde vera til nokor Rettleiding, so skulde eg inkje hava so myket imot det helder.
 
Det vil vera kunnigt, at Seminarist E. Sommer i Trondheim fyre nokre Aar sidan hadde sendt ei Prøva av ei Noregs-Saga i Landsmaalet til Folkeupplysnings-Selskapet i Christiania, og at nokre smaae Stykke av denne Skrifti vaaro prentade i "Folkevennen" i 1858. Etter som det no vil syna seg, hever han sidan drivet trottigt paa med det tiltekne Verket; og me vita ogso, at han hever kostat baade Tid og Tenkning paa det og gjort mange Umbøtingar i Uppskrifti, fyre det at Boki skulde verda til større Gagn fyre Aalmugen.
 
Det, som Folk vilja fyrst merka ved denne Boki, er at ho er skrivi i eit Maal, som er litet kunnigt i Skrift. Den Tanken, som visar seg i denne Freistnaden, kann vel snaraste tydast soleides, at siden det no lenge hever voret so, at Aalmugen laut læra tvau Maal, eit til Tale og eit til Skrift, so vilde det inkje skada, um Aalmugen ogso fekk nokre Bøker til at lesa i det Maalet, som han sjølv kann tala, og som høyrer Landet til ifraa gamle Tider. Det hever ymist voret freistat at skriva beint fram etter Talen i eit Bygdarmaal; men detta hever den Meinsemdi med seg, at det daa vil verda mange Maalformer, og ingi som er rett til Gagns. Difyre var det helder freistande at taka det beste, som finst i Landet, og lempa seg nokot etter det gamle Maalet, som er Roti til alle vaare Bygdarmaal. Paa denne Maaten kann Maalet verda lettare til at lesa og greidare til Likning med alle Bygdarmaali; og so hever det ogso den store Vinningen med seg, at Aalmugen daa kann faa ein rettare Tanke um Landsens Maal, en som han fyrr hever havt.
 
Denne Tanken hever ymist voret sett i Verk, og me ero fleire, som hava freistat paa det same. Og som det her visar seg, hever denne Mannen rettat seg myket etter oss andre, so det inkje er nokon stor Skilnad i Skrivemaaten. Vistnog kunde eg segja, at det kanskje er eit og annat Ordlag, som eg vilde hava sett paa ein annan Maate; men detta hever no inkje so stort at tyda; for det er so litet, som er skrivet i detta Maalet, at det inkje er ventande, at alle Smaating skulde no alt vera so grant avgjorde, at det inkje kunde vera ein einaste Skilnad i nokon Ting.
 
Um Innhaldet i Boki kunde det ogso vera nokre faae Ord at segja. Det er synlegt, at Boki er mest etlad til Lesnad fyre Aalmugen i Bygdom og helst fyre Ungdomen. Det er so til at taka, som um ein Mann vilde tala til ei Samning av Aalmugafolk og fortelja deim alt det vigtugaste, som hever hendt i Landet fraa dei eldste Tider som me vita nokot um. Det maatte her vera mest etterseet, at Fortelningi var greid elder tydeleg, og at det alltid var nokot med, som kunde vera huglegt at høyra og lett at minnast. Her er soleides mange Smaasegner og Samtalar innflettade, som vel inkje hava nokor stor Vigt i ei Landssaga, men som derimot hava den Dygdi, at dei ero lette at lesa og festa seg lett i Minnet. Av same Orsaki er det vel ogso, at Framsetningi hever vordet nokot lang i fyrste Deildi og derimot myket stutt i sidste Parten av Boki; for det fell alltid lettare at fortelja um den gamle Tidi, daa alle Tilburdar ero so meisterlega framsette i vaare gamle Skrifter; medan derimot den seinare Tidi hever litet til at bjoda av slik Fortelning, som Aalmugen hever meste Hugen til at høyra.
 
Eg tenkjer soleides, at Aalmugafolk vist kunna hava Gagn av at lesa denne Boki, og at Lesnaden vil falla deim nokorleides lett, naar dei fyrst hava vant seg nokot til Skrivemaaten, so dei kunna tenkja seg Ordi uttalade i det Maalføre, som dei sjølve ero vande til. For det vil vera eit litet Lag med Lesnaden i detta Maalet som i alle andre, naar det skal vera greidt og heimlegt fyre deim, som høyra paa Upplesingi.
 
Christiania, 6te Oktober 1862.
I. Aasen.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Prenta i «Noregs Saga i Stuttmaal. Skrivi i Landsmaalet av Eirik M. Torvaldsson Sommer», Chra. 1862. Til denne «Fortale» er det fire kladdar attåt ymse oppteikningar, omframt den endelege reinskrifta som er nytta til prente­manuskript (der datoen ikkje er skriven med I. Aa.s hand). -[synlegt<] ~ synligt [retta i samsvar med kladden]. 
 
- Opphavleg skulle Eilert Sundt ha skrive fortalen, men han skreiv i staden «en Polemik mod Bogen», fortel I. Aa. (sjå L. Daae: «Politiske dagbøker», bd. 1, s. 116 og Sundt i FV bd. 11, 1862, s. 560 og 562 ff).
 
- Andre korrektur til «Noregs Saga» ligg i I. Aa.s papir.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009