186 Maurits R. Aarflot, 27.9.1855

Gode Vin.
 
Sida e no heve vore heime aa mint me paa Gamle-Maale, so turt e prøvt aa skrìve nòke lite Synnmørs Maal; aa enten dæ æ no so elde so mæ Maala, so lyt e no skrive nokre Or likevæl, sa m`ykje du seer, at e lìve aa æ væl framkomin; aa d'æ m`ykje-godt sopass, f`yre ein høyre so maange Olukkinne, at ein kann vere mest rædde te fare bygdemyllaa. Ellest heve dæ no inkje stìde nòke paa mæ me. Dæ veste va dæ, at e laut liggje so længje aa bide inn i Røysgara; dæ va heile try Samdøger, førr Dampin kom, men so kom han daa eingaang seint aa sida. Dæ va ein heile Storm aa eit Styggeveir f`yre Stada; han sade dæ han Røneberg i Larsnesa, ate han trudde inkje, mid skulde kome kringum Stadin den Dagjin; men, jau mi Sann, gjore mid dæ likevæl aa kom aat Maaløynne i rettele' go Tid. Andre Dain va dæ ogsaa eit Ruskeveir, men so lyste dæ daa mæ Middagja, aa sida vart dæ fiint Veir, so mid kom te Byn um Kveldin mæ ollaa godaa. Sida va e i Byn i fire Dage, aa so tok e me Far mæ "Lindesnes"; dæ æ dæ gildaste aa grumaste Farty, so nokin Mann vil fare mæ, aa allting gjekk baade godt aa væl; berre dæ gjekk noke seint, ta di dei ha so maange Krokanne aa Hefta paa Veia; dæ vart so, at e kom ikje hit atte førr Meekdain i hinne Vìkinne. Dæ va slikt eit Styggeveir der naar' mæ dokke, aa e hade so klene Skofòt, at e baade fraus aa leid vondt; men so va dæ daa so m`ykje, at e byrga me te Byn; der fekk e me nya Hose aa Gummi-Sko te ha uttapaa St`yvelaa, aa sida sto dæ kje noke paa. Meda e va i Byn, kom dæ den eine Otidenda f`yre aa den andre ìtte; fyst va dæ no dæ, ate Gallsotta (elde Kolera) va koma te Kristians By, aa siste Kveldin kom dæ Frettnad um den store Styggheita, so hade hendt mæ dissa Dampbaataa syd f`yre Uksøynne; daa kann du tru, der vart Læte, so ventandes va. Naar mid daa kom lenger syd, so fekk mid baade sjaa aa snakke mæ sùme ta dei, so hade vore mæ, aa i Kristiansand saag mid dæ Skìpe, so va attekome (dæ so eite "Bergen"); dæ laag der uppf`yre Bryggjinne mæ avbròten Bog aa ille tilreidt. Sida æ dæ no inkje stort meir te fortelje ta Reisinne, anna dæ, at e kom i Lag mæ ein Synnmøring fraa Bergen aa hit; dæ va han Olaus Vartdal, so hade gjort se ein Sving vest um Lande. Han leest so, at dæ va Kjærle'heit, so dreiv haanaa te reise, aa dæ va ein litin Engjel i Bergen so han vilde sjaa paa, men um dæ va sant elde ei, dæ veit e inkje, aa inkje kjeme dæ me vìd helder.
 
Her stende væl til i Stada. Mid høyre inkje nòke attegìte um dinna Sjukdomin, so va umsnakka; aa kanskje dæ tòre gaa so væl, ate mid tòre sleppe av dinne Gaangjin; men d'æ no just inkje vidare te lite paa. E f`yre min Part æ no tòlle mæ Helsinne. Paa Reisinne va e baade frisk aa fjerme, aa tòlde m`ykje meir, eld e sjø1 hade trutt; no sida e kom hitatte, æ dæ helder so, at dæ heve vòre ringare; e heve alt havt ein litin Repp, so e pla vanaa, men so heve dæ no alt vorte godt atte ogsaa, so at e tikst no have eit godt Mod, især alt mæ dæ inkje kjeme noka Osykje i Grenda.
 
No heve e alt vòre heime i aatte Dage, men endaa heve e inkje kjìme til aa skrive noke; f`yre e va so mykje slurin aa otidige atti ìtte Reisinne, maa vìte. E heve berre lòse dei nye Blòda aa Bøkinne, so hade kjìme, meda e va vekk, slike so Nyheitsblade, aa Monrads Tidsskrift (dæ innehelde eit"Anmeldelse" utav "Ervingen", so du skulde ha lòse, ifall du naadde ti dæ). Aa no heve e so m`ykje te gjere aa so maange Brev te skrive, ate d'æ reint fælt.
 
Aa sist paa lyt e seie dæ so e skulde sagt f``ysst, at e helsa aa seie so store Takk fyre alt dæ gode, so e naut, daa e va heime mæ dokke. Hade dæ laga se so, at e kunna gjort eitkvart Iite godt att i Stadin, so skulde e vore glade. Men f``y[s]st aa fremst vil e no ynskje dokke Lukke aa Vælgaaande i alle Ting, aa dermæ lyt e no sIutte f``yre dinne Gaangjin.
 
Kristiania den 27de September 1855
I. Aasen.
 
Tillæg til Brev af 27de September. [Laus lapp.]
 
Den omtalte hemmelige Sag (Friersagen) staaer fremdeles uafgjort. Endskjønt jeg kom til at gaae ledig i tre Dage derinde i "Gamle-Garen", var dog Skjæbnen saa tvær, at der aldrig vilde tilbyde sig nogen Leilighed til en sømmelig Sammenkomst; jeg fik tale med alle andre Folk, men ikke med "rette Vedkommende". Jeg har saaledes kun faaet Leilighed til et flygtigt Øiesyn og ikke til nogen Samtale, hvilket jeg er noget ærgerlig over. Men uagtet alt dette er jeg alligevel bleven mere og mere fast i min Beslutning, som nemlig gaaer ud paa at give Vedkommende et Spørgsmaal, hvilket nu altsaa maa skee skriftlig, da der ikke blev noget af det mundtlige. Det er ellers pudseerligt nok, at man, efter saa mange og lange, saa uendelige og ubeskrivelige Drømme om Kjærlighed, dog ikke skal være videre kommen, end at man tilsidst maa henvende sig til En, som man ikke kjender og altsaa heller ikke elsker (thi jeg tænker naturligviis kun paa saadan Kjærlighed, som kommer af Kjendskab. Men ).
 
Saaledes er Verdens Gang!
 
Det skulde imidlertid være overmaade morsomt, om det kunde lykkes at komme til Maalet paa denne Maade, som jeg ikke før har tænkt paa, nemlig ved at gaae den samme Vei i en modsat Retning ("raangseles"), saaledes at man først kunde komme til en Afgjørelse, det vil sige en Forlovelse, og saa derefter til et Kjendskab og derved endelig til Kjærligheden. Der er jo, som man vel veed, mange skikkelige Folk, som tage det paa denne Maade og befinde sig ganske vel derved. Men nu maa det være nok herom. Man skal ikke gjøre Regning uden Vert. Det første man skal gjøre er at spørge om Vedkommendes Villie, og det andet man skal gjøre, er at belave sig paa at faae en lang Næse.
 
Utanpå: S. T./Hr. Bogtrykker M. Aarflot/a/Egsæt/pr. Voldens Postaabnerie.
Betalt.
Poststempel: Christiania 27. 9. 1855 [og] Aalesund 2. 10. 1855.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. på Eikset (etterskrifta før prenta i SS 1943, s. 110, heile brevet prenta i BV s. 14548) omframt tre kladdar eller utkast (saman med kladdar til Br. nr. 184, Br. nr. 185 og Br. nr. 187).
 
- I svarbrev (på sunnmørsmål) 23. okt. fortel M. Aa. at han har sétt i «Avisaa at du kom heimate i Staden denn 19de i hinaa Maanara». «Kva anna so æ so seer e no dæ at du heve no lært skikkele oppate gamle Maale dit paa dinna Svingja du gjor hitom Fjella; fyr' naa e læse ti Breva dinaa, so æ dæ akkorat likso e hade stide aa prata mæ haanaa Lidaskarknute elde ein kvan slike støde Mannen. Her live mid mæ dæ same aa e kann helse de fraa alle Kjenningaa dinaa. Her heve inkje vore noka Forandring sida Du va her. Dæ heve vore ein vaatsame Haust aa dæ æ dæ endaa. Dæ va med Illaa at Folkje fekk in fyr Dyra, men inkje trur e at noke betydelege fekk Skade likevel.»
 
M. Aa. vart heft i skrivinga, seier han, og siste luten er fyrst skriven 31. okt. «Her kom mæ denne Posta et Brev in i Garane etsteds, so dæ Menneskje so fekk dæ skulde ha vorte fortænkte paa aa fortalt hinne Lina (kona åt M. Aa.) dæ mæ Helja; men inkje trur e at anna Livande veit dæ endaa.» M. Aa. trur ikkje det kjem svarbrev med denne posten. «La no Folkje betenkje se».
 
- heve vore heime] I. Aa. kom til Eikset (over Bjørkedalen) 26. aug., til Aasen 28., til Vik og Velle 29., til Eikset 30., til Rotset 31., til Aasen 1. sept., «Ved Voldens Kirke, Vraamanns Indtrædelse. M[arta] Skj[elderup]» 2. sept., til Vik og Aasen 3., til Rotset 4., avskil frå Aasen og Eikset 5.. til Halkjelsvik same dag, reist den 8. i middagstida.
 
 Røysgara] dativ, eig. Reutz-garden. Om hus, gardar og tilhøve i Halkjelsvik (seinare kalla Volda) sjå Per Aarviknes: «Sagnhistoriske folkeminne», Volda 1945, serleg s. 75 ff. og Rasmus J. Mork: «Øyra-landet i gamle dagar» i «Årskrift for Volda sogelag» 1947, s. 923, serleg s. 12 f. Sjå òg same tidsskrift årg. 1917, s. 54 f. og brev frå L. Barstad 10. febr. 1850 (jfr. merknad til Br. nr. 124). L. B. fortel at det på Røysgarden har kome «flere nye ganske nette Bygninger». I ein bur Johan Blichfeldt [som I. Aa. no budde hjå].
 
- «Lindesnes»] eit tysk skip som Staten nett hadde kjøpt og sett i fast rute på kysten (selt i 1871).
 
 Frettnad] den 10. sept. 1855 rende «Bergen» (kjøpt 1853) inn i «Norge» (kjøpt 1854, båe høyrde til «Det Bergenske Dampskibsselskab», skipa 1851, og gjekk i fast rute på Hamburg) som sokk, 13 (av 70) ferdafolk og 23 (av 30) av mannskapet drukna. «Bergen» kom seg inn til Kr.sand.
 
Det vart skrive mykje om denne hendinga, m.a. vart det dikta ei vise («Alt i Søvnens Arme laa, Alnaturen hvilte» osb.) som vart mykje sungen og enno er kjend.
 
Nyheitsblade] jfr. merknad til Br. nr. 184. I Ill. Nyhedsblad, 1855, 5. mai, nr. 18, står det ei melding av «Ervingen», skriven av Paul Botten Hansen.
 
- eit [!] «Anmeldelse»] av M. J. Monrad i NT 185455, s. 36677, som I. Aa. var misnøgd med (jfr. SS 1955, s. 156). Frå 1852 hadde professor Marcus Jacob Monrad (18161897) og cand. jur. Henrik Winther Hjelm (18291859) vorte red. av NT etter C. C. A. Lange. Årg. 185455 vart den siste.
 
 «Gamle-Garen»] er Røysgarden, sjå ovanfor.
 
 Øiesyn] 2. sept., jfr. ovanfor.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008