Ivar Aasen - lang årstalsliste

Henta frå Ivar Aasens kropp av Stephen J. Walton (Samlaget, Oslo 1996, side 16—21). 


1813

Aasen vert fødd 5. august i Ørsta. Han vert døypt 8. august.

1816

Mora døyr.

1825

Aasen skriv det eldste diktverket vi har etter han, "En gudfrygtig Sjels Bøn".

1826

Faren døyr. Aasen vert nøydd til å ta del i gardsarbeidet.

1828

Aasen vert konfirmert.

1831

Om hausten vert Aasen omgangsskulelærar.

1833

Aasen fer til prost Thoresen på Herøy til opplæring. Høvesdikta "Ny Vise om den sørgelige Tildragelse paa Gaarden Krøvle i Ørsten, da nogle af dens Huse bleve fortærede af en heftig Ildebrand den 7de Juni 1833, hvormed 3de Byrn mistede Livet" og "En Trøstesang for en anfægtet og bedrøvet Sjelvert" blir prenta på Ekset. Hos Thoresen skriv Aasen mykje dikt, og tek til å læra tysk og latin.

1835

Aasen avviklar trulovinga til Berte Paulsdotter Vike, tenestejente hos Thoresen. I november fer han til kaptein Ludvig J Daae på Solnør, og vert huslærar for barna hans. Aasen vert verande på Solnør i sju år.

1836

Aasen skriv essayet "Om vort Skriftsprog". Der skisserer han målreisingstanken sin. Vennen Sivert R. Aarflot døyr, og Aasen prentar eit sørgjedikt over han.

1837

Aasen byrjar med dei botaniske etterrøkingane sine, og tek til å læra fransk. Same året gjer Aasen dei første oppskriftene til ein grammatikk og ei ordbok over allmugemålet på Sunnmøre.

1838

 

Aasen les Rasks Vejledning til det Islandske eller gamle Nordiske Sprog, og fordjupar seg i norrøn litteratur. Han tek til å læra engelsk. Aasen les mykje grammatikk, og skriv målføregrammatikken "Det søndmørske Almuesprogs grammatikalske Indretning".

1839

Aasen lagar ferdig eit herbarium med 509 planter frå Sunnmøre. Han lagar òg ei samling med sunnmørske ordtak.

1840

 

Aasen vert sterkt deprimert, og er frustrert over framtidsutsiktene. Han fer med herbariet til prost Deinboll i Molde, men vert ikkje teken imot slik han hadde vona. Aasen lagar ei samling med sunnmørske stadnamn, og omarbeider grammatikken frå 1838.

1841

 

Aasen skriv "Den søndmørske Dialekt. En grammatisk Oversigt med Fragmenter af en Ordbog". Han har med seg språkstoffet og herbariet frå Sunnmøre til Bergen i august. Der kjem han inn til biskop Jacob Neumann, som straks fattar interesse for språkarbeidet. Aasen skriv sjølvbiografien sin til Neumann, som prentar den saman med innleiinga til Sunnmørsgrammatikken i Bergens Stiftstidende. Samtidig lanserer Neumann Aasen for Frederik M Bugge, preses i De kgl. norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

1842

 

I juli vitjar Aasen Bugge i Trondheim. Bugge legg opp ein plan for innhenting av språkstoff frå Bergens stift. Aasen vert løyvd stipend av Vitskapsselskapet, og får arbeidsinstruks. Byrjar langferda sist i september. Første stoppestaden er Lærdalsøyri. I desember kjem éin av Aasens store publikumssuksessar, Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog, frå prenteverket på Ekset.

1843

 

Aasen held seg i Nordhordland frå mai 1843 til mars 1844. På grunn av sommel i Vitskapsselskapet får Aasen korkje brev eller pengar i denne tida, og vert sterkt forgjelda. Han nyttar tida til å systematisera det språkstoffet han sit inne med i ein grammatikk over målet i den nordlege delen av Bergens stift.

1844

 

Ferda går vidare til Voss, Hardanger og Sunnhordland. I august får Aasen tilsegn om å granska folkemålet i Kristiansands stift. Vegen står no open for å granska målet i heile landet, ikkje berre i eitt strok. Aasen legg turen om Ryfylke, Stavanger, Mossige, Flekkefjord, Mandal og Kristiansand. Aasen går til Valle i Setesdalen i månadsskiftet november-desember, og er attende i Kristiansand i jula. I august skriv han "Om Indretningen af en Ordbog for det norske Almuesprog" med prøve.

1845

 

Aasen fer over Holt og Åmli til Seljord, der han held seg i over tre månader. Han løyser mange prinsipielle spørsmål i samband med ordboksarbeidet. I mai fer han frå Seljord, og kjem over Kongsberg og Vikersund til Nes i Hallingdal i juli. Så fer Aasen over Valdres og Gudbrandsdalen til Trondheim, dit han kjem i november. I desember skriv han "Om en Ordbog over det norske Almuesprog, samt en dertil hørende Grammatik" (prenta 1847).

1846

 

Aasen arbeider i Trondheim med grammatikken og ordboka. Om sommaren undersøkjer han målet i Orkdalen og på Ørlandet, og vert send av Vitskapsselskapet til Helgeland for å sanka bevis for Keysers innvandringsteori. Om hausten er Aasen i Innherad.

1847

Aasen prentar det satiriske diktet "En Levnetsbeskrivelse" under eit psevdonym. Han skriv ferdig grammatikken. I september fer han gjennom Østerdalen til hovudstaden. Der bur han fast resten av livet.

1848

Det norske Folkesprogs Grammatik kjem ut. Aasen melder P A Munchs Norske Viser og Stev.

1849

Aasen prentar det første skriftstykket på landsmål, "Samtale imellem to Bønder om Begivenhederne i Udlandet" i Morgenbladet.

1850

Ordbog over det norske Folkesprog kjem ut. Aasen er på Sunnmøre frå september 1850.

1851

 

Aasen gir ut Søndmørsk Grammatik og Tvo nye Visor på Ekset. Han er i Lofoten og Tromsø om sommaren, og arbeider sidan med nye utgåver av grammatikken og ordboka. Han kjem attende til Christiania i oktober. Stortinget løyver Aasen stipend.

1852

Aasen reiser om sommaren til Hallingdal, Voss, Bergen, Sunnfjord og Ryfylke. Han melder språket i bladet Folkevennen. Såleis tek han for første gong del i offentleg målstrid.

1853

Den første nynorske boka, Prøver af Landsmaalet i Norge, kjem frå Aasens hand, likeeins den norrøne pastisjen "Haralds-Haugen". Om sommaren fer han til Telemark og Østfold.

1854

 

Aasen gir ut En liden Læsebog i gammel Norsk og det korte dramatiske stykket       I Marknaden. Han skriv "Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform" og eit innlegg mot dei latinske bokstavane. Om sommaren fer han til Setesdalen, og seinare til Gudbrandsdalen og Hadeland.

1855

 

Spelstykket Ervingen kjem ut, og Aasen legg dermed grunnen for den nynorske dramatikken. Personnamnregisteret hans kjem i Folkevennen. Han utgir det lange filosofiske diktet "Dikt og Sanning", og fer til Numedal og Sunnmøre.

1856

Norske Ordsprog kjem ut. Aasen fer til Østerdalen, Innherad og Gudbrandsdalen.

1857

Det polemiske essayet "Om Dannelsen og Norskheden" kjem i Folkevennen. Aasen dreg til Valdres, Gausdal og Toten på målferd.

1858

Året for den store målstriden. Aasens måltanke møter kompakt motstand, ikkje minst på grunn av omsetjinga hans av Fridtjofs Saga. Aasen er med i striden. Om sommaren går ferda til Ryfylke og Vestfold.

1859

Aasen prentar sine "Minningar fraa Maalstriden" i Vinjes blad Dølen, og samlar tilfang til ei revidert utgåve av grammatikken. Sommarferda går til Østerdalen og Gudbrandsdalen.

1860

Aasen greier ut om "Norske Plantenavne" i Budstikken. Elles omset han, og prentar korte prosastykke på landsmålet. Han fer til Lister, Mandal og Vestfold om sommaren.

1861

Arbeidet med grammatikken held fram. Aasen forsvarer måltanken mot Asbjørnsen i Morgenbladet. Sommarferda går til Aust-Agder og Vestfold.

1862

Første året Aasen ikkje dreg på målferd om sommaren.

1863

Diktsamlinga Symra kjem (med reviderte utgåver i 1867 og 1875).

1864

 

Norsk Grammatik ligg ferdig. Aasen skriv polemiske stykke i sterk irritasjon over femtiårsfeiringane, men gir dei ikkje ut. Han fer til Bergen over Hallingdal, Sogn og Voss. Om hausten peilar han målretta inn på arbeidet med den nye ordboka.

1865

Sommarferda går til Setesdalen.

1866

Aasen fer til Hallingdal.

1867

Aasen held fram med ordboksarbeidet. Han svarar på eit åtak mot måltanken med eit polemisk dikt på dansk "Fra Maalstræverne".

1868

Aasen fer til Telemark om sommaren, og får fortgang i arbeidet med ordboka.

1870

Aasen omset Schillers "Lied von der Glocke" i Dølen.

1871

Norsk Ordbog tek til å koma ut.

1873

Norsk Ordbog ferdig utkomen.  

1874

Aasen skriv om stavemåten for stadnamn.

1875

Den stutte allkunneboka Heimsyn kjem ut.

1876

Norsk Maalbunad ligg ferdig, men vert ikkje utgitt i Aasens levetid.

1878

Norsk Navnebog kjem ut. Aasen skriv ein leksikonartikkel om dvergar.

1881

Den reviderte utgåva av Norske Ordsprog kjem.

1882

Aasen byrjar som målrettar for omsetjinga av Bibelen som Det Norske Samlaget stod for. Oppdraget varer fram til 1889.

1883

Manuskriptet "Til en dansk-norsk Ordbog" ligg ferdig. Det vart ikkje gjeve ut før i 2000.

1885

Aasen skriv ferdig målsoga "Bidrag til vort Folkesprogs Historie", men ho vart ikkje utgitt i hans levetid.

1888

Aasen skriv den dramatiske epilogen "Sidste Kvelden, elder: Gunnbjørg paa Haugen". Han freista òg å popularisera stoffet frå "Bidrag" i "Atterførsla". Denne teksten kom heller ikkje ut medan Aasen levde.

1890

Aasen vert sjuk med lungebrann i mai, og får varig nedsett arbeidsevne.

1896

Aasen døyr kl 1 onsdag den 23. september, og vert gravlagd tysdag den 29. september.