Historia vår

Historia vår

1990: Besøket
Det tek til med eit slumpetreff. Nokon har sett formannen i kulturkomiteen i Stortinget, Theo Koritzinsky, på den tanken at han bør dra innom Ivar Aasen-museet då han denne sommaren vitjar 20-30 museum på Vestlandet og i Trøndelag. Undrande seier han til Nationen 12.9.1990 at dagens Aasen-museum "sier altfor lite om Aasens livsverk, som har betydd så mye for vår skriftkultur". Etter at han gjentek dette på ein kulturkonferanse i slutten av oktober slår Møre-Nytt opp saka 3.11. Avisoppslaget blir lunsjtema ved eit bord i høgskulekantina den dagen. "Ja vel, så gjer vi noko med det!" seier Jostein Nerbøvik til Arne Apelseth og Ola E. Bø. Ti dagar seinare møtest ei sjølvoppnemnd gruppe i lokala til Det Norske Samlaget i Volda. Arbeidet med å lage eit programnotat tek til. Og i budsjettinnstillinga frå kulturkomiteen bed eit mindretal departementet i samarbeid med "berørte instanser vurdere behovet og mulighetene for et nasjonalt kulturbygg for nynorsk språk og kultur". Eit hovudutval blir skipa på eit møte i Volda 20.12. Jostein Nerbøvik blir leiar for arbeidsutvalet.

1991: Planane
På to månader blir den grunntanken utvikla som til slutt blir realisert. Til ein nasjonal konferanse i februar føreslår hovudutvalet at det i Hovdebygda blir oppretta eit Ivar Aasen-hus som skal vere eit dokumentasjonssenter og eit nasjonalt kulturbygg, og at eit Ivar Aasen-institutt ved høgskulemiljøet i Volda skal vere knutepunkt for forsking omkring nynorsk skriftkultur. Planane blir godt mottekne. Men somme heilgarderer seg og tvilar på om dette blir meir enn eit luftslott. Etter møte her og reiser der blir det mange idear og ein del pengar. Volda og Ørsta kommune løyver 150 000 kr kvar til eit forprosjekt, Møre og Romsdal følgjer opp med 100 000 kr, og før året er omme, har Stortinget lagt til 500 000 kr.
 
1992: Forprosjektet og festivalen
Planane blir snakka høgt opp på dagsorden i Kulturdepartementet. Tidlegare leiar i Noregs Mållag, Jon Låte, er dagleg leiar for forprosjektet. Arne Apelseth er prosjektmedarbeidar, og etter kvart kjem Reidun Høydal og Vidar Myklebust til. Til slutt har dei klart eit nynorsk manifest på 158 tette sider: Rapporten Ivar Aasen-senteret. Eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur blir overlevert til Kulturdepartementet og Kyrkje- og utdanningsdepartementet 8.12, og gjer inntrykk i departementskorridorane. Alt i juni hadde Brundtland-regjeringa omtalt Aasen-senteret i ei stortingsmelding om kulturpolitikk. Og det som var ein flygeidé frå Arne Apelseth, blir til eit formelt initiativ frå kulturstyret i Volda og ein mange dagars lang festival som skal vise at Aasen-senteret trengst. Den 29. august opnar prinsesse Märtha Louise den første Nynorsk Festspelveke, på Hovden flyplass. Jon Tvinnereim er leiar i den interkommunale festivalnemnda, Marie Ekset Haug dagleg leiar, talet på friviljuge er stort, publikumstalet endå større. Satsinga gir overskot, både i kroner og i engasjement.
 
1993: Formaliseringa
Den indre krets som har drive fram planane til no, får eit formelt apparat å støtte seg på. 14 institusjonar og organisasjonar frå heile landet skipar Ivar Aasen-stiftinga i Volda 30. august - seinare blir 6 andre med. Jostein Nerbøvik blir vald til leiar i arbeidsutvalet. Ola E. Bø, Jan Magne Dahle, Jan Olav Fretland og Jens Kåre Engeset er medlemmer, Kari Bjørke sekretær. Dei skriv, dei snakkar, dei møtest, dei fotgår moglege støttespelarar i og utanfor Stortinget. Aldri gir dei slepp på grunntanken om at dette skal bli ein nasjonal institusjon. Vil Stortinget gjere det til eit regionalt tiltak, får det heller vere. For kvart år blir fleirtalet i kulturkomiteen i Stortinget tyngre og tydelegare i sine merknader.

1994: Uvissa
Senter, institutt, tun, hus. Orda svirrar. Eit utval oppnemnt av Kulturdepartementet hausten 1993 har under leiing av Bodil Røyset gått gjennom forprosjektrapporten frå 1992. I innstillinga si frå februar 1994 går utvalet inn for at det skal bli éin institusjon med både forsking og formidling, lagd til Aasen-tunet. Ivar Aasen-stiftinga held på den gamle tanken om ei todeling der forskingsdelen bør vere knytt til høgskulemiljøet. Og slik blir det. Men nybygget er i ferd med å krympe kraftig. I forprosjektrapporten skulle det vere på 2700 m² og koste 60 mill kr. Røyset-utvalet reduserer det til 2300 m² og 53 mill kr. Før statsbudsjettet blir lagt fram, går det rykte om at kostnadsramma blir berre 30 mill kr. Meldinga frå AU kan ingen misforstå: "Både innhald og storleik er politiske spørsmål." Men i statsbudsjettet står ikkje eitt tal. Stortinget reddar stumpane og løyver midlar til vidare planlegging.

1995: Vedtaket
Det nærmar seg smertegrensa. Alt 21. februar ligg det føre eit revidert plandokument for heile tiltaket, utarbeidd av John Aage Gjestrum. Med tida blir han fast rådgivar. No utgjer bygget 2100 m² og byggjesummen er komen ned i 43 mill kr. Same dagen skriv Kyrkje- og utdanningsdepartementet i brev til Høgskulen i Volda at ein såkalla knutepunktfunksjon for nynorsk skriftkultur blir lagd til høgskulen, med to professorat. Det inneber at Ivar Aasen-instituttet no er på plass. På seinsommaren arrangerer stiftinga ein stor idédugnad i Ålesund. Det overveldande meiningsmylderet blir oppsummert slik: "Hermetikkboksen bular av gjæring, men vi finn ikkje boksopnaren." Andre finn ikkje flagget. Den 3. desember står flaggstengene nakne i både Ørsta og Volda. Den dagen vedtek Stortinget mot røystene til Framstegspartiet at ein ny nasjonal kulturinstitusjon skal byggjast i Ørsta, og at Kulturdepartementet skal ha ansvaret for alle offentlege driftstilskot til den nye institusjonen, som skal heite Ivar Aasen-tunet. Byggjesummen er sett til 40 mill kr, og både departement eller Storting har gløymt at det er noko som heiter prisauke.

1996: Grunnsteinen
Det hendingsrike Ivar Aasen-året 1996 blir brukt til å halde høgt tempo i prosjektet. Statsråd Åse Kleveland innleier året med å gi arkitekt Sverre Fehn i æresoppdrag å teikne det nye Aasen-tunet. Ut på våren blir Brukargruppa skipa. Der er arbeidsutvalet med, pluss Liv Hilde Boe. For å løyse dei mange arbeidsoppgåvene tek både Hilde Mortvedt og Unn Røyneland sine tak som prosjektmedarbeidarar. Lokalt vekkjer planane strid; over 2000 menneske skriv seg på protestlister mot nybygget og krev at pengane må brukast til andre oppgåver. Under Aasen-stemnet 15. september legg Kleveland ned grunnsteinen, over eitt år før alle teikningar er ferdige. Førebels veit berre den indre krins at Statsbygg alt i juni har varsla at bygget må reduserast endå meir, frå 2100 til maks 1600 m², om byggjebudsjettet skal halde. Ingenting er stort nok lenger. Endåtil det holet som grunnsteinen skal ned i, er for lite.

1997: Folkemøtet
Det som har vore lause tankar, skal no omformast til fysiske storleikar og mål på teikningar. Eitt av dei viktige møta blir halde på Øye på Sunnmøre i juni. I to dagar drøftar brukargruppa innhald og utforming av utstillingane i nybygget. Her festnar mellom anna tankane seg om å lage eit dialektspel og ein animasjonsfilm. Dei fleste konklusjonane frå dette møtet overlever tre års tankeverksemd og blir til røyndom i nybygget i 2000. Onsdag 26. november presenterer arkitekt Sverre Fehn for første gong planane sine for allmenta, på eit folkemøte i Volda. Lokalet er stappfull. Publikum liker tydeleg det dei ser og høyrer.
 
1998: Omorganiseringa
No tek staten styringa. Som ei følgje av at Kulturdepartementet skal ha ansvaret for alle offentlege driftstilskot til den nye institusjonen, hadde Ivar Aasen-stiftinga hausten 1997 endra vedtektene sine slik at staten får leiar og fleirtal i det nye styret. Den 14. april har styret første møtet sitt. Historieprofessor Narve Bjørgo blir vald til leiar og Kari Bjørke til nestleiar. No blir det klart at det manglar fleire millionar på byggjebudsjettet. Totalsummen er komen opp i 52,6 mill kr. Kulturdepartementet og Statsbygg legg til dei millionane som trengst. Denne gongen slepp fylkeskommunen og vertskommunane unna meirkostnader. Stiftingsstyret vedtek å endre namn til Nynorsk kultursentrum, mens institusjonen framleis skal heite Ivar Aasen-tunet. I november blir stillinga som direktør lyst ut. Sju personar søkjer. Samstundes lyser Statsbygg ut anbod på nybygget.
 
1999: Vendepunktet
Folk treng hus, hus treng folk. Veidekke blir hovudentreprenør for nybygget, og anbodet ligg innanfor budsjettrammene. Den 9. februar sender styret ut pressemelding om at Ottar Grepstad blir tilboden direktørstillinga. Han takkar ja. Søndag 28. februar 1999 blir traseen for den nye tilkomstvegen opp til tunet stukken ut. Dagen etter rullar maskinane inn. Byggjearbeidet er i gang. Etter planen skal det stå ferdig 1. mars 2000. Fristen sprekk med berre nokre veker; det blir halde overtakingsforretning 6. april 2000. Sommaren 1999 vedtek styret i Nynorsk kultursentrum å byggje nytt amfi for 2 mill kr. Dei to første fast tilsette medarbeidarane tek til 5. juli, og arbeidet med utstillingane i nybygget går over frå tenking til vedtak og gjennomføring. Under Dei Nynorske Festspela vitjar statsråd Anne Enger Lahnstein Aasen-tunet. - Dette prosjektet er et lite under, seier ho. Nett det er det: eit lite under, skapt av ti år dugnadsarbeid, fleire hundre møte, endå fleire brev og uendeleg mange samtalar.

(Artikkelen er skriven av Ottar Grepstad, og stod på trykk i programmagasinet for Dei Nynorske Festspela 2000, med tittelen "Slik blir ein laus idé til ein nasjonal kulturinstitusjon".)