Vinnaren av diktkonkurransen

Vinnaren av diktkonkurransen

Det var ein ung diktar som stakk av med sigeren i Aasen-tunet sin diktkonkurranse.

I tre veker har Aasen-tunet hatt gåande ein diktkonkurranse, og torsdag 13. februar var det endeleg tid for å kåre ein vinnar. Folk frå heile landet og i alle aldrar nytta høvet til å sende inn sine vakraste, sjølvskrivne kjærleiksdikt, og når konkurransen var avslutta hadde vi fått inn heile 58 bidrag. Det stod til slutt mellom fire svært ulike dikt, men juryen vart einige om at vinnaren var Helene Ottesen Rambraut, med dette diktet:

Eg er ikkje
i kjærleik enno
Den tid
den sorg 

 

Helene er 13 år og kjem frå Tromsdalen. Ho vart svært glad då juryen gav ho den gode nyheita, og synest det var spesielt kjekt å vinne då det var første gong ho har skrive dikt på nynorsk. – Diktet er kort, men seier mykje. Det er opent og heilt fritt for klisjear. Det har noko uventa ved seg, ho brukar eit kjend uttrykk på ein ny måte. Det var nok det som sjarmerte oss, seier juryen.

Kåringa gjekk føre seg under arrangementet Intens kjærleik, og vinnardiktet vart lest opp for eit imponert publikum.

 

Vinnaren av diktkonkurransen
Helene Ottesen Rambraut