Villblomedagen

Villblomedagen

Laurdag under Aasen-jubileet er det villblomedag i Aasen-tunet. Torbjørn Urke kåserer om plantesamlaren Ivar Aasen og presenterer ei no fullstendig artsliste av Aasen-herbariet kl. 16.00. Det blir tur ut i blomelandskapet kl. 16.45 saman med erfarne blomekjennarar.

– I år har vi flytta villblomedagen frå juni til august i samband med Aasen-jubileet. Difor får publikum lære om andre blomeartar enn tidlegare år, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet.

Villblomedagen
Torbjørn Urke

Artslista som Torbjørn Urke har laga inneheld både dei norske og dei latinske namna på plantene og liste over artane i herbariet til Ivar Aasen er no fullstendig. Heftet kan du kjøpe i butikken i Aasen-tunet. Før blomevandringa presenterer Urke arbeidet og fortel om plantesamlaren Ivar Aasen.

Dei erfarne blomekjennarane Torbjørn Urke, Knut Barlaup, Christoffer Bang og Kirsten Bang står for den botaniske kompetansen, og vil leie blomevandringa i området rundt Aasen-tunet. Dei kan svare på mange spørsmål om villblomar, og har artige historier å fortelje om dei ulike blomane.

Aktivitetane på Villblomedagen er tilpassa barnefamiliar. Etter blomevandringa kan planteinteresserte samlast i utekafeen, og turleiarane svarar på spørsmål og fortel meir for dei som er ekstra interesserte. Det blir òg omvising i utstillinga der Ivar Aasen si plantesamling er stilt ut.

NB! Det har dessverre blitt annonsert ulike tidspunkt og stader for dette arrangementet. Villblomedagen tek til med kåseri i Salen kl. 16.00 og blomevandring kl. 16.45. 

Arrangementet er eit samarbeid med Norsk Botanisk Foreining.