Vellykka barnebokveke

Vellykka barnebokveke

21.-23. oktober var det endeleg tid for Nynorsk barnebokveke. Med bilen full av bøker la gjengen ut på rundtur i fylket, med stopp på folkebiblioteka i Herøy, Vestnes og Fræna. Der møtte dei lærarar, barnehagetilsette, bibliotekarar og foreldre, alle klare for å lære meir om den nynorske barnelitteraturen.

For andre gong reiste Nynorsk barnebokveke rundt i Møre og Romsdal for å spreie kunnskap om den gode nynorske barnelitteraturen. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet og har som mål å gjere vaksne bevisste på språket dei tilbyd born gjennom litteratur. – Vi møtte eit flott og engasjert publikum på heile turen, spesielt mange lærarar og skulebibliotekarar kom innom for å lære meir om den nynorske barnelitteraturen. Det synest vi var veldig kjekt, og det inspirerer oss til å gjenta suksessen neste år, seier prosjektleiar Anna Sunniva Sørbø.

Forfattar Erna Osland las frå sine eigne bøker, både fagbøker og skjønnlitteratur, og delte sine tankar rundt barns lesing og korleis ein kan bruke litteratur i ein undervisningssituasjon. Ho har sjølv jobba som lærar i mange år og fleire av bøkene hennar handlar om gleda ved å kunne lese. Osland la spesielt vekt på kor viktig det er at barn som lærer nynorsk får tilgang på litteratur på sitt eige språk; det er ein heilt grunnleggande føresetnad for å kunne meistre språket.

Formidlar Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret fortalde entusiastisk om all den gode nynorske barnelitteraturen som er tilgjengeleg og presenterte eit mangfald av bøker, for både små og større barn. Av nyare utgivingar kunne ho trekkje fram Monsterboka frå Skald forlag, Solveig Blindheim Bendixen sine bøker om Teo, Rosas buss av Fabrizio Silei og mange fleire. Myta om at det finst lite nynorsk barnelitteratur vart i alle fall avkrefta ganske raskt!

Også barnehagegrupper og skuleklasser fekk møte Nynorsk barnebokveke, og Erna Osland kunne underhalde dei med fakta om rare naser og store tenner. Med store auger høyrte dei også forteljingar om kva skulejenta Eli møter på i kvardagen sin, frå boka Hør!.

 

Vellykka barnebokveke
Erna Osland les frå boka Hør!