Vellukka messedeltaking

Kafeleiar Milan Ilic er godt nøgd med responsen på Smak 2014, 4.-7. februar 2014.

Kaféleiar Milan Ilic Ilic har sjølv utvikla oppskrifta, og har vore oppteken av å nytte friske urter i produksjonen. Tunpølse frå Åsen er ei eigenutvikla spekepølse med smak av kvitlauk, chili og timian.

Det er første gongen Tunpølse frå Åsen er med på ei slik messe, og kombinasjonen av spekepølse, Snøfrisk og flatbrød har blitt svært godt motteken på messa Smak 2014, som er Noregs største fagmesse for uteliv, dagligvare og storhusholdning.

Det er Ole Ringdal på Hellesylt som produserer pølsa for Aasen-tunet, og ho kan kjøpast i tunet og nettbutikken handlenett.no.

Vellukka messedeltaking
Kafeleiar Milan Ilic på Smak 2014