
Vårprogram med verdspremiere
Det blir verdspremiere når strengekunstnar Stig Ulv og diktar Hilde Myklebust finn saman for første gong.
Publikum kan også vente seg nære forfattarmøte og eit rikhaldig tilbod for dei minste i Ivar Aasen-tunet denne våren.
Stig Ulv ser fram til å høyre lyrikken til Myklebust saman med sin eigen musikk. – Sjølv om tekst og instrumentalmusikk er veldig ulike uttrykksformer, meiner eg at vi har mykje av det same utrykket i botnen.
– I dette møtet vil poesi og musikk løfte kvarandre, og saman lytte seg fram til eit felles språk som blir eineståande for denne konserten, seier Hilde Myklebust.
![]() |
Gunnhild Øyehaug |
Gunnhild Øyehaug har fått særs god omtale for sin tredje roman Presens Maskin, ei forteljing om mor og dotter som lever i parallelle univers. I Aasen-tunet møter ho forfattar Bjørn Vatne til samtale tysdag 2. april.
I høve den internasjonale morsmålsdagen kjem Rolf Theil for å fortelje om romanispråk i Noreg, og forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth vil i midten av mars fortelje om boka Klyngetunet – Den norske landsbyen.
I januar opna den nye temautstillinga om nynorsk vinyl, med platesamlar Arild Torvund Olsen i spissen. Han deler raust av kunnskapen sin gjennom ein ny utstillingskatalog og publikum kan både sjå video der samlaren fortel og lytte til utvalde songar frå den meir enn 100 år lange historia med songar på nynorsk.
Det blir både hovudrett og dessert når Aasen-tunet inviterer små kokkar til familiedag søndag 3. februar. Barna får prøve seg på oppskrifter frå boka Klare sjøl, og får vere med på kjekke aktivitetar i museet.
Gratisarrangementet Bok og bakverk tek denne våren føre seg Samlaget sin serie Norsk Røyndom og dei første kvinnelege nynorskforfattarane. Under årets Bygdepride vil direktør Per Magnus F. Sandsmark og bibliotekaren samtale om barne- og ungdomslitteratur med skeive hovudpersonar.
– Vi er heldige som har ein bibliotekar som også er ein driven konditor. På Bok og bakverk er det låg terskel, spennande innhald og ikkje minst nydeleg bakst, avsluttar Øyehaug Opsvik.
Symra 1/2019
Her kan du lese om alt som skjer i Ivar Aasen-tunet våren 2019.
Gunnhild Øyehaug
Gunnhild Øyehaug er forfattar, litteraturkritikar, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og aktør i det offentlege rom.
Hilde Myklebust
Hilde Myklebust, forfattar og småbrukar. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.