Tunkatten Lurivar med ny nettstad
Tunkatten LurivarFoto: Sunniva Lund Osdal

Tunkatten Lurivar med ny nettstad

Han er nysgjerrig og leiken av natur, og innimellom ein litt for skråsikker katt som elskar ord og gode formuleringar. Fredag 30. november lanserte Ivar Aasen-tunet ny nettstad for tunkatten Lurivar på same adresse som før, Tunkatten.no.

Ordspionen Lurivar er over snittet glad i språk og litteratur. Han funderer gjerne over korleis ting heng saman i måten vi byggjer meining i språket gjennom ord og setningar. På tunkatten.no kan barna leike seg med ord, lære om språk, litteratur og dialektar på ein morosam måte. Dei kan til dømes sende inn nye ord til ordlista hans og heile den kreative samlinga vil vere tilgjengeleg på Tunkatten.no.

– Meir enn 250 000 barn og vaksne har besøkt nettstaden til Lurivar sidan han opna for 12 år sidan. Ekstra kjekt for oss er det å sjå at brukarane kjem frå heile landet. Med denne nyoppussa versjonen håpar vi innhaldet kan nå ut til endå fleire barn, som då får møte nynorsk i aktiv bruk gjennom tale, tekst og songar på nettet, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Mykje av innhaldet er med vidare og noko er nytt, som til dømes den nye forteljinga Lurivar i drøymeland, skrive av forfattar Ingunn Røyset. I tillegg er det to nye songar i den mykje brukte songboka. Med er også dei kjende bøkene til Maria Parr, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet i lydbok-format. På nettstaden vil barna finne fleire kjekke ordleikar som til dømes teikneaktivitetar, kviskreleiken og hemmeleg melding. Nettstaden er sjølvsagt tilpassa både mobil og nettbrett, og eignar seg difor endå betre for bruk i skulen.

Laurdag 1. desember opnar vi første luke i adventsforteljinga Lurivar og juletunmysteriet, skrive av Aina Basso. Vi oppmodar særskilt barnehagar og skular til å følgje med, for her kan ein vere med på konkurransar med fine bokpremiar kvar veke.

Lurivar er Aasen-tunet sin formidlingsfigur for dei yngste. Barna møter Lurivar som teikna figur på Tunkatten.no og i levande live i form av ein skodespelar i kattedrakt både i spesialomvisingar og familieframsyningar i Aasen-tunet, og på turnear i Den kulturelle skulesekken.

Besøk den nye nettstaden til tunkatten Lurivar