Tone Slenes vert dagleg leiar i Aasen-tunet
Tone SlenesFoto: Aasen-tunet, Laila Walseth Lid

Tone Slenes vert dagleg leiar i Aasen-tunet

Den nye daglege leiaren i Ivar Aasen-tunet er Tone Slenes frå Ørsta.

Slenes kjem frå utanrikstenesta, der ho mellom anna har vore ein tydeleg nynorskbrukar i arbeidet med å formidle norsk kultur i India, styrkje menneskerettane og forvalte norsk bistand til Afghanistan og Vietnam.

– Med Tone Slenes på laget styrkjer vi det kulturfaglege arbeidet vårt. Vi får ein avdelingsleiar som kan byggje på det som er, og samstundes skape nye relasjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Slenes har tidlegare arbeidd tre år ved den norske ambassaden i Hanoi, fire år i New Delhi og fleire år i bistandsdirektoratet Norad. Ho har informasjonsutdanning frå Høgskulen i Volda og årseiningar i engelsk og psykologi. Medan ho fullførte studia på byrjinga av 2000-talet, var ho tunassistent i Ivar Aasen-tunet. No ser ho fram til å kome tilbake til Aasen-tunet.

– Som sambygding er eg stolt av Ivar Aasen-tunet. Eg vil med stor entusiasme trekkje på mine erfaringar og ønskjer å vere ein god rådgivar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, slik at vi saman set eit breiare avtrykk med innsatsen vår, seier Slenes.

Slenes har arbeidd mykje med tilskotsforvaltning, kommunikasjon, norsk kulturformidling i utlandet, budsjettstyring og informasjon til politisk leiing. Ho har erfaring med økonomi- og resultatstyring, personalansvar, planlegging og gjennomføring av arrangement, og har samarbeidd med organisasjonar og tiltak innanfor ulike fagfelt.

Etter mange år i utlandet har Slenes no busett seg i Volda, og den første arbeidsdagen i Aasen-tunet er måndag 5. august. Noverande dagleg leiar Gaute Øvereng går over i stillinga som administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum 1. april, og dokumentasjonsleiar Anders Aanes er konstituert dagleg leiar i Aasen-tunet fram til Slenes tek til.