Telemark inn i Nynorsk kultursentrum
Mona Hellesnes og Ottar GrepstadFoto: Aasen-tunet, Anders Aanes og Sunniva Lund Osdal

Telemark inn i Nynorsk kultursentrum

Eit samrøystes hovudutval for kultur i Telemark fylkeskommune har vedteke at Telemark fylkeskommune skal bli medstiftar i Nynorsk kultursentrum.

Tidlegare i år gjorde Vinje kommune same vedtaket. – Dette gir oss eit robust lokalt og tverrpolitisk grunnlag for arbeidet med å realisere ideen om Vinje-senteret, seier rådsordførar Mona H. Hellesnes i Nynorsk kultursentrum.

Det var Vinje kommune som for nokre år sidan tok initiativet til å etablere Vinje-senteret som eit dokumentasjons- og formidlingssenter i Vinje for dikting, journalistikk og språkleg mangfald.

Ein aktiv fylkeskommune

I vår vedtok kommunen og Nynorsk kultursentrum ein omfattande intensjonsavtale som var grunnlaget for at Telemark fylkeskommune blei invitert inn i stiftinga.

– Telemark ønskjer å vere observatør i prosjektgruppa for Vinje-senteret og følgje arbeidet vårt tett. Det blir fint for oss å ha med ein aktiv fylkeskommune, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Både råds- og styremøte i Vinje

Vedtaket i fylkeskulturutvalet inneber at 24 stiftarar no står bak Nynorsk kultursentrum. I tillegg til Telemark er alle fylkeskommunane på Vestlandet med, det same er fire kommunar, åtte høgare utdanningsinstitusjonar, seks nynorskorganisasjonar og eit museum.

Eit råd med representantar for alle stiftarane møtest to gonger om året, og i går vedtok rådet at neste møte blir halde i Vinje i april 2015. Tidlegare har styret i Nynorsk kultursentrum vedteke å leggje det årlege seminaret sitt til Vinje i juni.

Gjeldfri drift

Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival, det digitale oppslagsverket Allkunne og seks andre nettstader. I fjor hadde stiftinga prosjektansvaret for det store Språkåret 2013.

Til saman arbeider 17 fast tilsette i selskapet. Nynorsk kultursentrum er gjeldfri, har ein eigenkapital på 2,3 millionar kroner og reknar med samla inntekter på 31 millionar kroner i år.