Stor novellekonkurranse i Møre og Romsdal
Foto: Åge André Breivik

Stor novellekonkurranse i Møre og Romsdal

Likar du å skrive for barn eller vaksne? Har du halvferdige noveller i skrivebordsskuffa? No er tida inne for å finne dei fram!

Møre og Romsdal fylkeskommune, Bjørnsonfestivalen og Dei nynorske festspela inviterer til skrivekonkurranse i høve Bokåret 2019.

Sjangeren er noveller, og tema er valfritt. Det er ei klasse for deltakarar mellom 13-20 år, og ei klasse for vaksne. Målforma er valfri. Alle som er busett i Møre og Romsdal kan sende inn tekstar, med unntak av profesjonelle forfattarar som har publisert tekstar på større norske forlag.
- Med dette håpar vi å stimulere til folkeleg skriveglede og merksemd rundt litteraturen i Bokåret, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Skrivekurs

I høve konkurransen er det planlagt ei gratis inspirasjonssamling med forfattar Helga Flatland ved biblioteket i Molde 10. april. Her er Sparebank1 Nordvest sponsor. Det blir også ei liknande samling på Volda folkebibliotek med forfattar Øystein Vidnes fredag 22. mars kl.18.00. I tillegg held Bjørnsonfestivalen skrivekurs for ungdom under Ungdommens Litteraturfestival i Molde 3.- 4. juni, og 13. juni held Dei Nynorske Festspela skrivekurs i Ørsta. Informasjon om påmelding til alle samlingane kjem på festivalane sine nettsider.

Novellekonkurransa er støtta av Nasjonalbiblioteket, og er del av lesekampanjen «Bok på veg» i Møre og Romsdal. Andre bibliotek og kommunar kan også komme til å annonsere skrivekurs i løpet av perioden.

Juryen nominerer

Alle dei innsendte bidraga går gjennom ei kvalifiseringsrunde. Ein jury som består av to representantar frå festivalane og ein frå folkebiblioteka i fylket vel ut 5-10 bidrag frå kvar klasse, som blir nominert til ei kortliste. Blant desse nominerte bidraga skal det kårast ein vinnar i kvar klasse, og to andreplassar (til saman seks noveller).

Juryen som vurderer kortlista vil bestå av representantar frå dei to litteraturfestivalane, og blir leia av forfattar Marit Kaldhol. Juryleiaren kjem til å gi ei skriftleg tilbakemelding til dei to vinnarane.

Vinnarane får – utanom heider og ære – fine bokpakkar og kvar sine festivalpass til Bjørnsonfestivalen og Dei Nynorske Festspela i 2020. Novellene kan også bli publisert på festivalane sine nettsider og i media.


Krav til teksten

Lengda på novella skal vere maksimalt 2000 ord. Kvar deltakar kan berre sende inn ei novelle.

Teksten skal sendast til bokaaret2019@mrfylke.no innan 5. august 2019. Merk med namn, alder og adresse.

Vinnarane blir annonsert under Bjørnsonfestivalen 4.-8. september 2019.