Soppdag søndag 15. september
Foto: Ivar Aasen-tunet

Soppdag søndag 15. september

Sjølvplukka sopp kan gi deg mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. Søndag 15. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med turleiar og soppkontroll.

– Å plukke sopp er som å gå på skattejakt, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Sjølv er ho over snittet interessert i skogens gull, og gler seg til å utforske terrenget rundt Aasen-tunet. Ho har med seg dei røynde soppentusiastane Rune Pettersen og Knut Barlaup som turleiarar, og etter turen får alle ein gratis tryggingssjekk av soppkorga si hos Anke Haugen og Osvald Grande frå Nyttevekstforeningen i Ålesund. Dei er godkjende soppkontrollørar og har mange års røynsle frå soppskogen.

– Vi vonar mange vil nytte høvet til å forsikre seg om at soppen dei har plukka er trygg som matsopp, seier kaféleiar Milan Ilic. Han freistar svoltne soppsamlarar med ein trerettars middag med sopp, kortreist squash og skogsbær i kafeen.

Soppdagen er eit samarbeid med Nyttevekstforeningen i Ålesund og det er trettande året Aasen-tunet arrangerer soppdag.

 

SØNDAG 15. SEPTEMBER

Aasen-tunets soppdag

13.00–17.00 Kafeen: Haustmeny med trerettars middag

13.00 Frå utescena: Sopptur

Turleiarar: Rune Pettersen, Knut Barlaup

15.00–16.30 Utescena: Soppkontroll

Ved soppkontrollørane Anke Haugen og Osvald Grande

I samarbeid med Nyttevekstforeningen i Ålesund

Gratis