Snakk om språk
Volda ungdomsskule snakkar om språk i Aasen-tunetFoto: Ivar Aasen-tunet, Marita Bett Jensen

Snakk om språk

Klasse 10A frå Volda ungdomsskule var først ute då "Snakk om språk!" vitja Aasen-tunet måndag 9. desember. Totalt vil 250 elevar frå 10. trinnet på ungdomsskulane i Ørsta og Volda besøke Aasen-tunet og "Snakk om språk!" denne veka.

Snakk om språk! er ein del av Den kulturelle skulesekken og er sett av over 10 000 elevar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Bærum sidan starten i 2004.

Elevane får møte rappar Runar Gudnason og formidlar Aase Digernes. Opplegget har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane. I samtalen kjem ein inn på elevane sine og eigne haldningar til språk. Vi diskuterer skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkendringar, språk og makt og språkleg vane. Kva betyr språket, både det munnlege og skriftlege for oss? Kvifor gjer vi om på språket når vi flyttar? Korleis kan vi bruke språk og dialekt i ulike samanhengar?

Målet med "Snakk om språk!" er å skape refleksjonar kring språk og det å vere språkbrukar, gjere elevane bevisste på at språk er viktig! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer, seier formidlar Marita Bett Jensen i Ivar Aasen-tunet.

I tillegg til å gje elevane ei oppleving i salen eller klasserommet, vil vi også leggje til rette for refleksjon og diskusjon i etterkant av besøket. Til framsyninga er det utarbeidd oppgåver og samla artiklar og relevante lenkjer. Dette vil liggje lett tilgjengeleg på nettstaden, og er meint å vere eit nyttig hjelpemiddel for lærarar og elevar om dei ønskjer å fordjupe seg i tema som er tatt opp i framsyninga.

Med i tilbodet er ei utstilling om ungdom og språk, og programmet blir bygd opp rundt denne temautstillinga.