Raus 25-årsgåve frå Sparebank1 Søre Sunnmøre
F.v. kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, banksjef HR Vidar Egset, direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark, administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre Stig Brautaset og dagleg leiar i Aasen-tunet Gaute Øvereng.Foto: Nynorsk kultursentrum, Sunniva Lund Osdal

Raus 25-årsgåve frå Sparebank1 Søre Sunnmøre

– Jubileumsgåva på 100 000 kr gjer det mogleg å etablere to nye formidlingstilbod til barn på nynorsk, eit nytt framtidsspel og Lurivar-ordbok i 2019. Gåva frå Sparebank1 Søre Sunnmøre er med på å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

– Nynorsk kultursentrum gjer ein fantastisk jobb med å formidle nynorsk på ein engasjerande måte. Som lokal bank er det viktig for SpareBank 1 Søre Sunnmøre å støtte gode formål i vårt eige lokalsamfunn, særleg mot barn og unge. Det er difor gledeleg at gåvemidlane frå banken skal brukast til å utvide barnetilbodet ytterlegare, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Framtidsspel

Ei viktig oppgåve for Nynorsk kultursentrum er å få nye generasjonar interesserte i litteratur og lesing. I 2018 var det premiere på framsyninga «Les for livet», der to menneske 50 000 år fram i tid er fanga i ein romsonde. Dei er lova å få kome tilbake til jorda om dei klarer å finne att kjenslene sine. Dei har ikkje menneska hatt på fleire tusen år.

Ved hjelp av bøker som «Eg er eg er eg er» av Ruth Lillegraven, thrilleren «Svarte-Mathilda» av Tor Arve Røssland, «Grunna» av Terje Torkildsen og «Keeperen og havet» av Maria Parr, finn dei att kjenslene og får bu på jorda att. Framsyninga er blitt svært godt motteken av barn i Sogn og Fjordane og Hordaland denne hausten.

– Midlane frå Sparebank1 Søre Sunnmøre er eit godt bidrag til å lage eit engasjerande spel, basert på det same manuset, som kan bli brukt i avdelingane våre og i klasserom i heile landet. Ungane leikar framtidsmenneske, løyser artige oppgåver og blir kjende med den nynorske barnelitteraturen på same tid. Vi gler oss til å realisere dette prosjektet, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland.

 

Lurivar-ordbok

I Aasen-tunet bur tunkatten Lurivar. Han har eigen hems i utstillinga, held spesialomvisingar for barn i feriane og han har besøkt elleve fylke med tre ulike framsyningar i Den kulturelle skulesekken sidan han kom til Aasen-tunet. I tillegg har han ein svært populær nettstad: Tunkatten.no. Sidan 2006 har fleire hundre ungar sendt inn framlegg til nye ord til tunkatten Lurivar på nettstaden hans. Blant orda i ordboka hans er ostesaft, lykketid, ragnarockfredag og blyantpudding.

– No er tida inne for at fleire av desse orda, og endå fleire nye ord, kjem ut med forklaring i ei eiga ordspionordbok. Vi ønskjer å utvikle eit eige opplegg for 5–10-åringar der dei blir motiverte til å finne på endå fleire og endå meir kreative ord. Barn som får leike med språket blir tryggare på språket sitt, seier dagleg leiar ved Aasen-tunet Gaute Øvereng.

 

Næringslivsdugnad

Prosjekta krev meir finansiering, men vi har trua på å realisere dei i 2019.

– Om fleire næringslivsaktørar enn Sparebank1 Søre Sunnmøre vil vere med på dugnaden så er døra open og telefonen på, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.