Over 4400 gjester i opningshelga
Foto: Hauge-senteret / Hanne Li

Over 4400 gjester i opningshelga

Meir enn 4400 var med på opninga av Olav Hauge-senteret og arrangementa under Ulvik poesifestival i Ulvik denne helga. – Eit betre grunnlag kunne ikkje dette nye nasjonale senteret for lyrikk i mange former ha fått, og desse dagane syner korleis Hauge-senteret og Ulvik poesifestival styrkjer kvarandre, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Vi meinte vi hadde eit godt program, men vi ante ikkje at publikum ville ta det så godt imot.

For første gong blei Ulvik poesifestival arrangert i regi av Olav H. Hauge-senteret. Temaet «Grøn poesi» var inngangen til mange minnerike litterære samtalar, lesingar og konsertar som Øyvind Rimbereid og Nils Henrik Asheim avslutta med «Orgelsjøen» med i ei fullsett kyrkje søndag ettermiddag, seier dagleg leiar Geir S. Netland.

Billettsal 36 % over budsjett

Førebels tal syner at Ulvik poesifestival selde billettar for 341 000 kr. Det er 36 % meir enn budsjettet på 250 000 kr. – Dei som bygde opp denne festivalen frå 2000, greidde å gjere den til ein festival som bygdefolket bruker og er stolte av. Det imponerer å sjå kor mange som kom på dei mest ulike arrangementa, tidleg på dag og seint på kveld, seier Netland.

I dag sender han og medarbeidarane ved Hauge-senteret ein varm takk til publikum, frivillige og 130 utøvarar. Dei kunstnarlege høgdepunkta stod i kø, og mange reiste frå Ulvik denne helga med gode opplevingar i bagasjen, seier Geir S. Netland.

Førebels rekneskap for Ulvik poesifestival ligg føre i desember.

Gjestene liker basisutstillinga

Om lag 750 var med på opninga av Hauge-senteret torsdag, og Ulvik poesifestival med sine 27 arrangement samla nær 3700 gjester frå fredag til søndag. Nynorsk kultursentrum hadde rekna med om lag 2500 gjester desse dagane, men det kom 75 % fleire.

– Gjestene skryter av basisutstillinga i Hauge-senteret og seier den er så innhaldsrik at dei må tilbake fleire gonger for å få med seg alt. Då har vi oppnådd det vi ville, seier Ottar Grepstad. – Vi lagar utstillingar som inviterer gjestene til å vere aktive, er analoge der vi kan og digitale berre der vi må, og det har mange takka oss for desse opningsdagane.

Olav H. Hauge-senteret er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum og har ope fem dagar i veka heile året.– No ser offentlege og private finansieringskjelder kva Hauge-senteret står for, og kva publikum meiner om det vi gjer. Det må vere ein god søknad for å sikre driftsgrunnlaget i åra som kjem, seier Ottar Grepstad.