Opning av årets barnekunstutstilling

Sidan 2008 har Ivar Aasen-tunet årleg arrangert barnekunstutstilling med utgangspunkt i ein nynorsk barnebok. Årets utstilling tek utgangspunkt i boka Zara og dei: Gorillahjerne til middag av Bjørn Sortland.

Dei to siste dagane har born frå 21 ulike barnehagar besøkt Ivar Aasen-tunet for å vere med på opninga av årets barnekunstutstilling. Meir enn 300 barnehageborn har bidrege til utstillinga med kunstverk inspirert av barneboka. Etter opninga av utstillinga var det leik og varm kakao til alle ute på tunet.

Bileta over visser eit utdrag av kunstverka frå utstillinga.

Under den tradisjonsrike familiedagen i Aasen-tunet søndag 8. desember er utstillinga open for alle, då får vi også besøk av illustratøren til teikningane i boka, Elisabeth Moseng.