Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret

– Den nynorsken Ivar Aasen skapte, er blitt eit nasjonalspråk. Som eit mindre brukt språk treng nynorsken å bli løfta politisk, og det må vere eit mål for språkpolitikken at fleire skal halde på og velje å skrive nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag. Ho er svært glad for at Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum til 200-årsdagen for Ivar Aasen legg fram ei erklæring i 21 punkt om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret.

– Nynorsk er eit meir robust skriftspråk enn nokon gong, og den språklege toleransen i Noreg er større enn før. Det er eit godt utgangspunkt for å utvide bruksområdet for nynorsk, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Ivar Aasen tenkte store tankar og la grunnlaget for at Noreg blei eit språkpolitisk moderne land. 200-årsdagen hans bør brukast til å løfte blikket og vise ein framtidsretta språkpolitikk, seier

Sandal.

Last ned og les heile erklæringa her.

– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket

Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret
Marit Aakre Tennø (foto: Noregs Mållag)

– Nynorsken treng sterke nynorskområde, men han treng òg vern i dei områda der han er sett under press. Vi ønskjer ein språkpolitikk som ser lenger enn til det språklege og som er ein del av ein samla politikk for å styrkje regionar og distrikt, seier Tennø.

Leiaren i Noregs Mållag meiner det bør vere eit mål for den offentlege språkpolitikken at han gir fleire nynorskbrukarar og får fleire til å bli verande nynorskbrukarar. Det gjeld å styrkje dei nynorske kjerneområda, seier Marit Aakre Tennø.

 

– Bruk prinsippet nynorsk konsekvent

Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret
Reidar Sandal (foto: Ivar Aasen-tunet)

I erklæringa legg Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum også vekt på at prinsippet nynorsk må brukast konsekvent. Etter stortingsdrøftinga av språkmeldinga i 2009 er det offisiell politikk å følgje prinsippet nynorsk. Det inneber at nynorsk alltid skal reknast med og vurderast der språk blir tematisert eller brukt, og at det blir grunngitt i dei tilfella ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor.

– Dette føreset administrative system i offentleg forvaltning som sikrar at nynorsk blir vurdert eksplisitt, og at det blir enklare å bruke nynorsk i det offentlege, seier Reidar Sandal.

 

Kulturjubileum med politikk

I 1996 blei det markert at det var 100 år sidan Ivar Aasen døydde. – Det jubileet blei til for å gi nynorskbrukarane nye impulsar. No bruker vi 200-årsjubileet til å gi dei politiske miljøa nye impulsar og vise verdien av nynorsk, seier Reidar Sandal.

 

21 punkt om norsk språkpolitikk

§ 1 Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst

§ 2 Hald oppe Noreg som ein stat med to jamstilte norske språk

§ 3 Ta vare på rikdomen språkleg mangfald

§ 4 Språk og demokrati skal framleis vere to sider av same sak

§ 5 Auk verdien av nynorsk

§ 6 Bruk prinsippet nynorsk konsekvent

§ 7 Gi Noreg fleire nynorskbrukarar

§ 8 Driv språkvern i praksis gjennom ei ny og utvida språklov

§ 9 Gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk

§ 10 Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar

§ 11 Styrk dei sterke nynorskområda

§ 12 Utvid den lokale offentlege språkpolitikken

§ 13 Hald oppe skulen som arena for språkleg jamstilling

§ 14 Bruk nynorsk i tenking og forsking

§ 15 Større breidd i nynorsk dikting og sakprosa

§ 16 Meir nynorsk i tv, radio og presse

§ 17 Gjer digitale tenester på nynorsk sjølvsagde

§ 18 Meir nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett

§ 19 Del den norske røynsla med andre

§ 20 La Språkåret 2013 vere året som aldri sluttar

§ 21 Dialog med mange land og kulturar