Nynorsk kultursentrum utvidar staben i 2019
Gaute Øvereng, Per Magnus Finnanger Sandsmark, Kristian W. RantalaFoto: Laila Walseth Lid

Nynorsk kultursentrum utvidar staben i 2019

I 2019 opprettar Nynorsk kultursentrum tre nye stillingar: ei i Vinje og to i Ørsta. – Gjestene våre får fleire arrangement, betre digitale tenester og vertskommunane våre får nye kulturarbeidsplassar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Dei tre nye stillingane er administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum, marknadsførar i Aasen-tunet frå 1.4.2019 og museums- og festivalsekretær i Vinje-senteret frå 1.3.2019. Auka driftstilskot frå Vinje kommune og god kostnadskontroll gjennom mange år gjer at vi no har økonomisk fridom til å satse på fleire folk i 2019.

 

Gaute Øvereng administrasjonssjef

Gaute Øvereng (49) er etter ei intern utlysing tilsett som administrasjonssjef frå 1. april 2019. Han skal leie administrasjonsavdelinga med tre tilsette. Øvereng har vore tilsett i Nynorsk kultursentrum i 14 år, dei siste 7 åra som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, og kjenner verksemda godt.

Dette er første gongen sidan etableringar av avdelingar i Ulvik og Vinje at det blir oppretta ei ny fellesstilling i Ørsta. Øvereng vil ha personalansvaret for tre tilsette i fellesfunksjonane økonomi, administrasjon og kommunikasjon. – Omorganiseringa gjer at vi samla sett får meir tid til å utvikle reisemåla og dei digitale tenestene, seier Sandsmark. Stillinga som dagleg leiar i Aasen-tunet blir lyst ut i desember med frist på nyåret.

Stillingsannonse for dagleg leiar-stillinga finn du her.

 

Den andre stillinga i Vinje

Frå 1. mars 2019 får dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret for dikting og journalistikk ein ny medarbeidar. – Frå 2019 vil vi ha eit kulturprogram i Vinje gjennom heile året. Den nye museums- og festivalsekretæren får ansvar for å gjennomføre det, seier Kristian W. Rantala. Medarbeidaren skal også arbeide med Litteraturdagane i Vinje og arrangementa Nynorsk kultursentrum har i Bokåret 2019.

Den nye medarbeidaren skal vere med å skape ein heilt ny nasjonal institusjon som formidlar dikting og journalistikk til mange ulike målgrupper. – Nynorsk kultursentrum syner med denne prioriteringa at vi meiner det, når vi seier at vi skal etablere ein ny nasjonal kulturinstitusjon i Vinje. Vi skal gjere vårt for at det blir fleire tilsette og eit komplett fagmiljø og publikumstilbod så raskt som mogleg, seier direktør Sandsmark.

 

Ny marknadsførar

Informasjonsleiar var ein av dei første stillingane i Ivar Aasen-tunet, og kapasiteten på dette fagområdet har vore ganske uendra sidan tidleg på 2000-talet. Ei 80 prosent fast stilling gjer det mogleg å formidle innhaldet Aasen-tunet har på Tunkatten.no, Aasentunet.no, Festspela.no, i utstillingane, kulturprogrammet og på Dei nynorske festspela til endå fleire.