Nynorsk barnebokveke 21.– 23. oktober 2013

Nynorsk barnebokveke 21.– 23. oktober 2013

Vi gjentek suksessen frå i fjor! I år er det biblioteka i Herøy, Vestnes og Fræna som får besøk av gjengen frå Nynorsk barnebokveke. 21.– 23. oktober skal forfattar Erna Osland og formidlar Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret besøkje utvalde bibliotek i Møre og Romsdal.

Dette er arrangementet for alle som likar å lese med born; foreldre og besteforeldre på jakt etter godnatt-historier, lærarar og barnehagetilsette som vil skape leselyst hos borna, bibliotekarar som vil finne den perfekte boka til kvar einskild lesar. Nytt høvet til å bli kjend med mangfaldet i nynorsk barne- og ungdomslitteratur – vi lovar at du vil oppdage noko nytt!

Nynorsk barnebokveke er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Ivar Aasen-tunet. I år er andre gong barnebokveka blir arrangert.

Erna Osland er frå Høyanger i Sogn og busett på Byrknesøy i Gulen. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har undervist i ungdomsskule og vidaregåande. Forfattaren debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Den nyaste boka hennar Nasevis er ei leiken og lærerik fagbok for born.

Osland vil lese frå eigne bøker og dele sine tankar rundt skriveprosessen, leselyst og sine møte med unge lesarar.

Janne Karin Støylen jobbar som litteraturformidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Der jobbar ho med å inspirere og motivere andre formidlarar til å skape leselyst og leseglede hjå born og unge. Ho vil snakke om god, nynorsk litteratur og presentere bøker som er tilpassa ulike aldersgrupper og interesser.

 

Her kan du få med deg Nynorsk barnebokveke 21.-23. oktober:

Ivar Aasen-tunet, måndag 21.oktober kl. 13.00
Herøy bibliotek, måndag 21. oktober kl. 18.00
Vestnes bibliotek, tysdag 22. oktober kl. 18.00
Fræna bibliotek, onsdag 23. oktober kl. 18.00

Arrangementa er gratis