Ny temautstilling: Nynorsk musikk på vinyl

Temautstillinga du kan oppleve i Aasen-tunet fram til sommaren går inn i det analoge mediet vinyl.

Det er nynorskplater frå den rikhaldige samlinga til Arild Tovund Olsen som blir stilte ut, og kanskje får du meir enn éi overrasking dersom du stikk hovudet inn.

I den digitaliserte musikkverda i dag har musikk på vinyl fått ein renessanse. Interessa for å halde musikken du kjøper i hendene og lytte til han i fred og ro med lyd av høg kvalitet, er noko som fascinerer mange. Dei fleste som veks opp i dag vil nok likevel knapt ha kjennskap til kor mykje vinylmediet har hatt å seie for å bringe musikken ut til folket.

Målet med temautstillinga er å vise menneska som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.

I utstillingsbilletten følgjer det med ein utstillingskatalog på 24 sider, skriven og formgitt av Arild Torvund Olsen. Utstillinga har ein videoinstallasjon der Torvund Olsen fortel om historia, og du kan lytte til songar og sjå videoklipp frå vinylhistoria. Kjernen i utstillinga er likevel platesamlinga til Torvund Olsen. Det er også laga 12 plansjar med ulike tematiske inngangar til historia, som blir fortalt gjennom kva andre har sagt og meint, altså i form av sitat. Totalt 38 sitat har funne vegen til veggene i Aasen-tunet frå litteraturen om emnet, som ein forresten også kan bla og lese i.

Temautstillinga blei opna torsdag 24. januar, og eitt av programinnslaga var ein samtale mellom Arild Torvund Olsen og musikkvitar og programansvarleg i Aasen-tunet, Olav Øyehaug Opsvik. Dei kom mellom anna inn på Marie Lovise Widnes, sunnmørsdama som skreiv historie då ho spelte inn 12 songar på to dagar for plateselskapet Philips i 1957.

Men også fleire artistar er og har vore viktige for songskatten i rillene. Mellom anna Olav Stedje, Kurt Foss og Reidar Bøe, svartmetallgrupper som Enslaved og Cor Scorpii, og frå nyare tid: Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland og Gåte.

– I dag finst det eit stort utval av plater med tekstar på nynorsk, med alt frå akustiske viser til progressiv svartmetall. Det er interessant å sjå korleis dette mangfaldet har vakse fram, seier Arild Torvund Olsen.

Ta turen innom utstillinga i Aasen-tunet og bli kjend med historia om vinyl på nynorsk! Utstillinga er open alle kvardagar frå 10-16, og frå 12-17 på søndagar. I museumsbutikken vår finn du også eit godt utval med vinylplater på nynorsk og dialekt til sals. 

Meir om billettprisar.