Ny programansvarleg i Aasen-tunet
Foto: Aasen-tunet, Sunniva Lund Osdal

Ny programansvarleg i Aasen-tunet

Olav Øyehaug Opsvik har sin første arbeidsdag som programansvarleg i Aasen-tunet tysdag 2. januar, og vil ha ansvaret for det årlege kulturprogrammet og Dei nynorske festspela.

Han ser fram til å få vere med å vidareutvikle ein godt etablert festival og kulturarena, og håper også å kunne tilføre noko nytt, både i sjølve programmet og i kulissane.

– Eg har hatt mange gode kulturopplevingar i Aasen-tunet, og spesielt Festspela kjenner eg godt, sidan eg har vore både publikum, utøvar og festivalmeldar her. No skal eg inn i ei ny rolle, og det gler eg meg sjølvsagt til. Samstundes har eg både respekt og ei viss ærefrykt for dei oppgåvene som ligg framfor meg.

Frå og med 2018 blir festspelhelga flytta til tidlegare i juni, og opnar torsdag 7. juni. Opsvik ser fleire fordelar med dette, og legg særskilt vekt på at festivalen no blir arrangert før skulane tek sommarferie.

– Dette er eit godt høve til å engasjere elevane, både som publikum, utøvarar og frivillige.

Opsvik er opphavleg frå Ørsta, men har budd i Oslo sidan 2009, og fortel at han og kona hadde ein langsiktig plan om å flytte tilbake til Sunnmøre.

– Når eg såg at denne stillinga var ledig no, så var det berre å hive seg rundt å søke. Slike stillingar er det ikkje mange av på Sunnmøre, og med min kulturfaglege bakgrunn er det rett og slett ein draumejobb.

Opsvik har mastergrad i musikkvitskap ved UiO i 2012 med ei oppgåve om frijazz i Noreg, og eittårig utdanning i administrasjon og leiing frå Noregs musikkhøgskule 2015. Sidan 2015 har Opsvik vore informasjonskonsulent i Ung i Kor, der han mellom anna er involvert i internasjonalt samarbeid gjennom det europeiske prosjektet Sing Me In. Han skriv også for ymse musikk-magasin, og i Ballade.no. Opsvik har i tillegg til å vere musikar og skribent også vore med og arrangert konsertar og festivalar.