Ny Aasen-biografi
Ivar Aasen, visittkort 1871Foto: C. C. Wischmann

Ny Aasen-biografi

Torsdag 1. august presenterte Det Norske Samlaget biografien «Historia om Ivar Aasen» av Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet. Det er første gongen ein Aasen-biografi blir presentert på staden der han blei fødd og voks opp. Presentasjonen opnar ei fem dagar lang feiring av 200-årsjubilanten.

Forlaget kallar dette «standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen». – Eg har både lese kjende kjelder med eit nytt blikk og fått tilgjenge til ukjent materiale. Sjølv 200 år etter at han var fødd, er det meir å seie om Ivar Aasen, seier Ottar Grepstad.

 

Ei folkebok om Ivar Aasen

Den nye biografien skriven for å kunne lesast av kven som helst. Samstundes er boka fagleg oppdatert, og Grepstad har lagt mykje arbeid i å gi eit samla bilete av både mennesket Ivar Aasen, det viktigaste han skreiv, og det han elles utretta.

Boka er på 375 sider i vanleg romanformat. Forlaget og forfattaren har satsa på at teksten skaper dei bileta lesaren ønskjer. – Dette er ei lesebok, tilgjengeleg for kven som helst. Eg vonar den er like lett å forstå som dei dikta Ivar Aasen skreiv, seier Grepstad. – I staden for dei få, velkjende bileta av Ivar Aasen inneheld boka eit gjennomgåande visuelt element som vi trur vil overraske og glede lesarane, seier Ottar Grepstad.

 

Den sjette biografien

«Historia om Ivar Aasen» er den sjette i rekkja av Aasen-biografiar. Alle saman har kome ut ved Aasen-jubileum og -markeringar.

Halvdan Koht skreiv den første biografien i 1913, og Knut Liestøl den andre i 1963. Begge desse var ganske korte. I 1996 gav Jostein Krokvik ut «Ivar Aasen. Diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar.» på 272 sider. Same året kom også to svært siderike biografiar. Stephen J. Walton gav ut «Ivar Aasens kropp» på 800 tette sider og Kjell Venås «Då tida var fullkomen» på nær 700 sider.