Nært og viktig om Downs
Foto: Svein Arne Tollås, Salt Studio

Nært og viktig om Downs

I oktober gav Ragnhild Tunheim Huse frå Ørsta ut boka Får eg lov? Ein vals med Ingrid, verdas beste storesøster. Boka handlar om storesøstera Ingrid som har Downs syndrom. Søndag les forfattaren frå boka i Aasen-tunet, og fortel om kvifor ho måtte skrive den. Ingrid Karin Tunheim les dikt og Miriam Hammarstrøm syng songar av svenske Lina Sandell. I butikken vert det utstilling og sal av boka og ko:ko-kjolen med vers av Ivar Aasen.

Boka er ifølgje forfattaren «ei livshistorie om ein person som set avtrykk i andre sine liv. Avtrykk som skaper fridom, livsglede, undring og hjartevarme. Avtrykk som ho ikkje kan førestille seg å leve utan.» I eit intervju i Sunnmørsposten nyleg sa Ragnhild Tunheim Huse mellom anna: «Boka er viktig mellom anna fordi eg føler at folk ikkje veit nok om kva det vil seie å ha Downs syndrom. Det som er framandt held ein gjerne stor avstand til, og eg vil gjerne minske denne avstanden.» – Eg trur det vert ein tankevekkande time, som eg vonar mange vil få med seg, seier tunvert Ingrid Opedal, som fortel at arrangementet er gratis.

Nært og viktig om Downs
Aasen-kjolen Edith frå ko:ko

I reportasjen i Sunnmørsposten kjem det fram at Ingrid er glad i å pynte seg, og glad i fine kjolar. – Eg har lenge hatt lyst til å vise fram dei fine kjolane med Ivar Aasen-vers som Stine Elisabeth Goksøyr frå Fosnavåg i Herøy har laga, og no fann eg rette høvet, seier Ingrid Opedal. Stine driv suksessbedrifta ko:ko, eit eige klemerke der ho sjølv designar og sel elegante, fargerike og tøffe kjolar. Bedrifta starta i 2011 og har no etablert seg i butikkar over heile landet. No har ho altså laga ein eigen kjole med namnet Edith, der ho brukar teksten Til lags åt alle kan ingen gjera av Ivar Aasen. Kjolen kan både sjåast og kjøpast i butikken heile søndagen. Her er også andre unike julegåveidear i butikken, freistar tunverten, som også byr på enkle lunsjrettar, gode kaker og kaffi i kafeen.

Arrangementet tek til kl. 16.00 og er gratis.