Nær 150 nye Aasen-brev publiserte

Nær 150 nye Aasen-brev publiserte

Måndag 5. august, 200-årsdagen til Ivar Aasen, publiserte vi nærare 150 brev til Ivar Aasen som aldri har vore digitaliserte eller transkribert før.

I to månader arbeidde Eirik Helleve med å transkribere ei mengd brev sende til Ivar Aasen. Etter lang tid fordjupa i falma blekk og snirklete handskrift var jobben gjort, og i dag har vi 146 brev klare for publisering på nettstaden i latinsk skrift, dei fleste av desse for aller første gong.

Sjå breva til Ivar Aasen her

Breva kom frå fjern og nær, frå vener og kollegaer, frå forlagsmenn og frå tiggarar. Nokre brev er meir kvardagslege enn andre, men felles for dei er at dei gir oss eit glimt av kven Ivar Aasen var. Det store talet tiggarbrev han fekk viser oss kor gåvmild han var. Breva frå departementet gir oss heilt konkret informasjon om kor mykje han fekk i stipend frå staten. Dei mange breva han fekk frå framande, fortel kor kjend han var for folk, i alle kantar av landet. 

Likevel er det breva frå nære vener som skapar det klåraste biletet av kven Ivar Aasen var. I 1892 sender Anders Hovden eit brev til Aasen der han fortel at han har fått ein son, og denne guten har dei døypt Ivar. «Bare nu vesle «Dusten» kunde få noget af dit vet og hjerte», skriv han vidare. Året etter fyller Aasen 80 år, og Hovden skriv at «Lykkelig er du, som ikke alene fik de store evner; men som brugte dem al din dag til ædelt arbeide.»

Eit stort tal av breva Aasen fekk dreidde seg sjølvsagt om språkforskinga hans. Niels Alstrup var ein av mange som såg kor viktig dette arbeidet var for Noreg. «De er kanske bange for, at det vil hedde, at Du "laver" et Sprog, men slige Dumheder, har De vel for mange Aar siden voxet Dem fra. – Det er sørgeligt, at visse Folk endnu benægte, at vi have et fuldt udviklet norsk Sprog –. Men Sagen gaar. Om 100 Aar er det ikke mere dansk i Norge, hverken i Tale eller Skrift, undtagen maaske i Byerne tildeels.»