Lodve Solholm ny styreleiar
Ny styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Vidar Myklebust, Fylkesmannen Møre og Romsdal

Lodve Solholm ny styreleiar

– Eg er veldig glad for å få vere styreleiar for ein kulturinstitusjon i så positiv utvikling og med så store oppgåver som Nynorsk kultursentrum står overfor. Det seier Lodve Solholm etter at styret i Nynorsk kultursentrum tysdag valde han til ny styreleiar etter Reidar Sandal. Samstundes blei Grete Riise vald til ny nestleiar.

– Eg har stor respekt for det arbeidet som er utført og dei strategiske vurderingane styre og tilsette har gjort dei siste åra. Nynorsk kultursentrum må framleis vere markerte og offensive i arbeidet sitt, og eg skal gjere mitt, for eg brenn for nynorsken, seier Solholm.

Styremedlemer frå heile landet

Lodve Solholm (fødd 1949) frå Vestnes er fylkesmann i Møre og Romsdal. Han har vore folkevald politikar i 32 år – halve tida som stortingsrepresentant, i åra 2001–2005 også lagtingspresident. Solholm er utdanna lærar frå Volda lærarskule i 1972, og har i tillegg til dei politiske verva vore lærar i nær 20 år. I 2009 blei han utnemnd til fylkesmann.

Styret i Nynorsk kultursentrum har medlemer frå heile landet: Lodve Solholm, leiar (Ålesund), Grete Riise, nestleiar (Bergen), Sigrun Høgetveit Berg (Tromsø), Georg Arnestad (Sogndal), Brit Bildøen (Oslo), Jon Østbø (Oslo) og Stina Aasen Lødemel (Ørsta). Varamedlemer er Hege Myklebust (Stord), Jens Helleland Ådnanes (Bergen), Karen Longva Buset (Ørsta) og Ingrid I. Opedal (Volda).

Ny ordførar i rådet

Frå nyttår tok Mona H. Hellesnes over som rådsordførar i Nynorsk kultursentrum. 22 stiftarar frå heile landet står bak Nynorsk kultursentrum. Desse stiftarane er representerte i rådet, som i september valde Hellesnes til rådsordførar etter at Wegard Harsvik hadde takka nei til attval. Hellesnes (fødd 1967) er fylkesvaraordførar i Hordaland fylkeskommune og tidlegare ordførar i Ulvik.

Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, Allkunne og seks nettstader, og hadde prosjektansvaret for Språkåret 2013.