Langope torsdag 5.12.
Tunvert Ingrid Opedal har gode, nynorske boktipsFoto: Ivar Aasen-tunet, Laila Walseth Lid

Langope torsdag 5.12.

Torsdag 5. desember står nynorske barne- og ungdomsbøker i sentrum i Ivar Aasen-tunet. Formidlar Anne Marta Vadstein gir tips til gode nynorske barne- og ungdomsbøker, og butikken held langope til kl. 21.00 med fleire gode tilbod.

– Eg har inntrykk av at mange ønskjer å gje born og barneborn ei god, nynorsk bok til jul, men at mange synest det er vanskeleg å finne fram i jungelen av bokmål, seier tunvert Ingrid Opedal. – Her kan ein i alle fall vere sikker på å berre finne bøker på nynorsk, og også få råd om kva bøker som høver til ulike aldersgrupper. Og sjølv om adventstida er i gang, er det ikkje for seint å sikre seg den fine fleirårs adventskalenderen med ein nynorsk julesong for kvar dag.

Unike, nynorske gåver

– Butikken har både nye varer og gamle klassikarar, seier Opedal. Bestseljaren Aasen-boksaren finst i eit rikt utval fargar, både til dame og herre, og trusetrøya til nye, nynorske, verdsborgarar er no også komen som langerma modell.

I fleire år har tursekken og sitjeunderlaget med nynorske ordtak vore populære. I år får du også termos og drikkeflaske som står i stil.

Utvalet av nynorske julehefte er stort, alt frå tradisjonelle Vangsgutane til Jolagrisen Gisse av Linda Eide. Nynorske julesongbøker, julemusikk og julekort er sjølvsagt også å finne, både i butikken og i nettbutikken.

Handlenett.no

Tidlegare i år lanserte Aasen-tunet ny nettbutikk, handlenett.no, som sørgjer for at folk frå heile landet kan sikre seg unike, nynorske julegåver. – Vi sender varer heilt fram til 20. desember, men for å vere sikra at dei kjem fram til jul etter Posten sine fristar, må vi ha bestillinga seinast 15. desember, seier Opedal.

Roleg julehandel i vakre omgjevnader

– Språkåret 2013 er snart over, men med gode nynorskbøker i heimen legg vi eit godt grunnlag for at kvart år vert eit språkår, seier formidlar Anna Marta Vadstein og tunvert Ingrid Opedal, som freistar med gløgg og peparkaker til dei som tek turen til tunet torsdag.

 

OPNINGSTIDER I DESEMBER

Ope kvardagar 10-16, søndag 12-17

Torsdag 5. desember 10-21
Laurdag 7. desember 10-15
Søndag 8. desember: Familiedag med juleverkstad
Torsdag 12. desember 10-21
Laurdag 21. desember 10-15
Søndag 22. desember 12-17
Måndag 23. desember 10-15

Stengt i romjula