La dei nynorske håra reise seg
Milan Ilic og Karine Munch inviterer til krimkveldFoto: Ivar Aasen-tunet

La dei nynorske håra reise seg

Ein mørk og stemingsfull lydsti, heimelaga graskarsuppe og tre aktuelle krimforfattarar møter deg i Aasen-tunet fredag 1. november kl. 21. Det er duka for ein kriminell heilaftan. Servering av graskarsuppe frå kl. 20.

Magnhild Bruheim, Thore Eithun Helland og Rune Timberlid er alle erfarne og kritikarroste krimforfattarar som har kome med nye bøker i haust. Fredag les dei frå bøkene sine og samtalar om krimsjangeren. Kva er eigentleg krim og korleis skriv ein god krim? Bruheim har skrive ein ungdomskrim, Timberlid ein politikrim frå eit lokalsamfunn, medan Helland karakteriserer romanane sine som svart krim. Kva er skilnadene og korleis har forfattarane hamna i desse sjangrane?

– Det finst knapt ein sjanger som treffer så breitt som krim. Difor gler vi oss til å bruke ein fredagskveld saman med heile tre krimforfattarar, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet. Det er laga ein eigen lydsti opp til tunet for kvelden, inspirert av dei tre bøkene.

– Her blir det skumle lydeffektar, nervepirrande musikk og nokså trasige utdrag frå bøkene. For den som vågar, då, ler Munch. Dei mest lettskremde av oss kan sjølvsagt gå den vanlege vegen opp til tunet. Alle er hjartans velkomne uansett kva veg dei kjem, forsikrar ho.

Magnhild Bruheim frå Skjåk har skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom sidan debuten i 1997. Det som er sant er ei høgaktuell bok om sex, venskap, overskriding, grensesetjing og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.

Farleg kreditt er den tredje romanen til Thore Eithun Helland frå Hardanger, som debuterte i 2003. Dette er ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndomar.

Journalist og kriminalforfattar Rune Timberlid har sidan debuten i 1991 skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger. Den siste, Sanct Svithuns gåte, er ein knallsterk krim frå det mektige Vestkapp.

Kaféleiar Milan Ilic serverer heimelaga graskarsuppe og butikken ventar å ha kriminelle prisar denne kvelden.

KJØP BILLETT