Kven skal læra han Ivar å lesa?

Framsyninga «Kven skal læra han Ivar å lesa?» er skriven spesielt til jubileet og blir framført både laurdag og søndag.

Rut Tellefsen debuterte på Det Norske Teatret som Kristin i dramatiseringa av Sigrid Undsets romanverk Kristin Lavransdatter i 1956, og har sidan vore ei berande kraft innan norsk teater.

No har den prisløna skodespelaren laga framsyninga «Kven skal læra han Ivar å lesa?», som publikum kan sjå både laurdag og søndag i Aasen-tunet.

– Det heile er meint som ei gåve i Språkåret til Det Norske Teatret der eg trødde mine barnesko som skodespelar – og som ei gåve til Ivar Aasen i høve 200-årsdagen, eit edelt menneske og ein stor språkforskar, seier skodespelaren sjølv.

Tellefsen har brukt fleire år på å lage framsyninga. Publikum får møte Ivar Aasen som ein nyfiken smågut i Ørsta og kan følgje han på livsvegen både som diktar og språkforskar. Tellefsen har musikalsk tonefølgje av Roar Goksøyr Lillebø.

– I arbeidet med denne framsyninga har han Ivar vorte meg inderleg kjær, og den kjærleiken vonar eg skal smitte over på publikum. Og vi har ikkje gløymt songane som du skal få vere med å syngje, avsluttar Tellefsen.