Ivar Aasen ein av dei viktigaste som forma Noreg
Ivar Aasen 1871Foto: C. C. Wischmann

Ivar Aasen ein av dei viktigaste som forma Noreg

Ivar Aasen kom på 4. plass i VG si kåring av viktige nordmenn etter 1814. VG har teke mål av seg å rangere dei 100 nordmennene som har hatt størst betydning for utviklinga av det norske samfunnet dei siste 200 åra. Når lesarane no har sagt sitt, står Aasen igjen som den viktigaste kulturpersonlegdomen.

Ivar Aasen ein av dei viktigaste som forma Noreg
– Dette er ei stadfesting av at Ivar Aasen nyt stor respekt i fleirtalet av det norske folk. Det er gledeleg at arbeidet han la ned for å skaffe sjølvstendige nordmenn eit sjølvstendig språk blir set pris på i året for grunnlovsjubileet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Den norske grunnlova og frigjeringa frå Danmark var eit avgjerande utgangspunkt for Ivar Aasen sine tankar om å finne eit skriftspråk som var vårt eige. – Etter at fedrelandet vårt på ny er blitt slik det ein gong var, nemleg fritt og sjølvstendig, må det vere om å gjere å bruke eit sjølvstendig og nasjonalt språk, då dette er eitt av dei fremste kjennemerka på ein nasjon, skreiv Ivar Aasen alt i artikkelen "Om skriftspråket vårt" i 1836, 22 år gamal.

Språkåret 2013, som mellom anna var ei feiring av 200-årsjubileet til Ivar Aasen, er akkurat avslutta. Ei spørjeundersøking Språkåret 2013 og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2012 og 2013, syner at endå fleire enn før har eit positivt bilete av Ivar Aasen. – Kåringa i VG er nok ei stadfesting på det, seier Øvereng.

 

Les artikkelen i VG her.