Hoem fortel om Aasen og Bjørnson

Søndag 4. august deler Edvard Hoem tankane sine om songdiktarane Aasen og Bjørnson med publikum i Ivar Aasen-tunet.

Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen var dei to fremste songdiktarane i Noreg på 1800-talet. Begge skapte songar som lever den dag i dag. Bjørnson skreiv fedrelandssongen, og Aasen skreiv mellom anna «Nordmannen» som med tida er blitt allsongen om Noreg. Med tida stod dei på kvar si side i spørsmålet om kva som burde vere det norske språket. Aasen sa lite om kva han meinte om diktinga til Bjørnson, medan Bjørnson kalla Aasen-songane det finaste gullsmedarbeid. Kor ulike var dei to som songdiktarar? Og hadde dei noko felles? Det har det vore sagt og skrive lite om.

Edvard Hoem har skrive skodespel om Ivar Aasen, ein firebandsbiografi om Bjørnson og er sjølv ein av dei fremste songdiktarane i Noreg i dag. Søndag 4. august deler han tankane sine om Aasen og Bjørnson med publikum i Ivar Aasen-tunet.