Grepstad på bokturné

Etter å ha gitt ut biografien om Ivar Aasen og ei kalenderbok om all verdas språk er Ottar Grepstad no ute på ein ambisiøs bokturné i inn- og utland. Med bilen full av bøker vitjar han heile 30 stader i haust for å fortelje om og lese frå dei nye bøkene.

Grepstad på bokturné
Ottar Grepstad tek med "Historia om Ivar Aasen" og "Språksansen" på turné

Den kritikarroste biografien «Historia om Ivar Aasen» gjekk i august rett inn på bestseljarlista og er no trykt i nytt opplag. Måndag gav Grepstad ut bok nummer to i haust. Den nye boka heiter «Språksansen». – Dette er ei verdsleg andaktsbok med ei forteljing for kvar dag om eit språk som er knytt til den aktuelle datoen, seier Grepstad.

Turné i fire landsdelar med 30 arrangement

Turneen «Ivar Aasens sans for språk» er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget, Nynorsk kultursentrum, lokale bibliotek, litteraturhus, historielag, mållag og ungdomslag.

Før Språkåret 2013 er omme, har Grepstad køyrt over 5000 km i bil og presentert bøkene på nær 30 stader i inn- og utland. I november er Grepstad invitert til Stockholm for å snakke om Ivar Aasen, og i desember reiser han til Groningen i Nederland i same ærend.

Turneen er elles innom desse stadene: Bergen, Bryne, Bø i Telemark, Eidsberg, Fagernes, Florø, Fredrikstad, Førde, Hamar, Haugesund, Jølster, Kristiansand, Lindås, Molde, Oslo, Steinkjer, Stjørdal, Trondheim, Ørsta, Ålesund og Åsane.

Terningkast 6

Kritikarane er begeistra, lesarane sender lange takkebrev til forfattaren, og responsen frå publikum har vore svært positiv på dei stadene Grepstad alt har vore.

«Språksansen» blei gitt ut denne veka. «Historia om Ivar Aasen» kom i august og har fått uvanleg god omtale. Den strenge kritikaren Sindre Hovdenakk i Verdens Gang trilla terningkast 6. Betre kan det ikkje gjerast, ei formfornyande bok og folkeboka om Ivar Aasen er noko av det kritikarane har framheva. Boka er no trykt i nytt opplag.

Over 25 bøker

Til dagleg er Ottar Grepstad direktør i Nynorsk kultursentrum som eig og driv både Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival. Han har gitt ut over 25 bøker og fekk i 1999 Norsk språkpris, ein av dei fremste bokprisane for sakprosabøker i Noreg.

 

Ivar Aasens sans for språk:

27.8. Åsane

26.9. Ålesund

29.9. Eidsberg

8.10. Kristiansand

15.10. Hamar

17.10. Fredrikstad

19.10. Ålesund

21.10. Molde

22.10. Oslo

23.10. Bø i Telemark

24.10. Lindås

26.10. Trondheim

27.10. Ørsta

28.10. Haugesund

29.10. Bryne

30.10. Bergen

1.11. Stjørdal

2.11. Steinkjer

14.11. Stockholm

23.11. Fagernes

24.11. Jølster og Førde

30.11. Oslo: byvandring

4.12. Florø