Frå Ivar Aasen til Odd Nordstoga
Frå framsyningaFoto: Dag Jenssen

Frå Ivar Aasen til Odd Nordstoga

Ein god dag kjem aldri for tidleg er framsyninga som heidrar Ivar Aasen, Valkyrien Allstars, Stein Torleif Bjella, Side Brok, Bjørn Eidsvåg, Kjartan Fløgstad og Marie Takvam, og som med ein god dose humor kjeklar seg gjennom ei rik samling litterære perler. Søndag 24. november kjem kabareten til Ivar Aasen-tunet. Det vil du ikkje gå glipp av!

– Her får du eldre og nyare perler i godt samspel. Dette er eit skråblikk på nynorsk i form av ein lett kabaret, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

«Sjefen» og «Arbeidaren» er travelt opptekne med å halde orden på den uregjerlege nynorsken. Kvar dag får dei store mengder nye tekstar som skal vurderast og katalogiserast. Dei glitrande pennane, dei gode songane og den kvasse, ironiske replikken er blitt til ein leiken kabareten der vi får nynorske perler på ei snor. Bergens Tidende melde etter premieren i Bergen tidlegare i haust at kabareten er «Ei lita perle av ei framsyning» og «Humoristisk, musikalsk og stilig om nynorsken».

Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teatret feirar Språkåret 2013 med ein samproduksjon, der dei pussar støv av nynorsk poesi, rap, viser, dikt og folkesongar. Det er første gong dei tre nynorskteatera samarbeider om eit felles stykke. I haust har dei spelt på Det Norske Teatret i Oslo og i tida fram mot jul skal dei vere på turné.

Skodespelarane Siren Jørgensen, Katrine L. Mackenzie og Randolf Walderhaug og musikarane Carl F. Falkenberg, Ole Marius Melhuus og Rannveig Ryeng spelar på mange strengar i framsyninga.

Ivar Aasen-tunet søndag 24. november kl. 18.00

Kjøp billett her