Fleire Aasen-nekrologar tilgjengelege
Nekrologen over Ivar Aasen i kveldsnummeret til Aftenposten 23. september 1896, same dagen som Aasen døyr.Foto: Nasjonalbiblioteket

Fleire Aasen-nekrologar tilgjengelege

Nekrologane over Ivar Aasen som stod på trykk i Verdens Gang og Aftenposten etter språkforskaren sin død, er no tilgjengelege på aasentunet.no.

Nekrologen over Aasen som stod på trykk i Dagbladet 23. september 1896, har lenge vore tilgjengeleg på nettstaden. Denne nekrologen er også eit viktig element i basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet. 

Men der var sjølvsagt fleire nekrologar over Aasen, og no har vi transkribert to nekrologar frå frakturskrift i høvesvis Verdens Gang 24. september 1896 og Aftenposten 23. september 1896.

Tekstane er viktige dokument om korleis samtida oppfatta Aasen då han gjekk ut or soga. Det er svært mange rosande ord å finne om Aasen og livsgjerninga hans, og berre førstesetninga i Verdens Gang vitnar om kva for stilling Aasen hadde då han døydde: "En af vort Lands aandelige Stormænd er død."

Teksten i Aftenposten kjem med følgjande langsetning i første avsnittet.  

Det er et Budskab, som fra Lands Ende til anden vil blive modtaget med Følelser af Vemod og erkjendtlig, høiagtelsesfuld Ihukommelse – med Følelsen af, at her er en af dem gaaet bort, der gjennem et langt Livs paa en stor Opgave rettede Gjerning havde erhvervet sig Retten til at mindes blandt Kulturarbeidets Rydningsmænd i dette Land – med Følelsen af den dybeste Ærbødighed for en Personlighed, hvis Bramfrihed alene blev overtruffen af den udelte Hengivenhed, hvormed han ofrede alt for den valgte Opgave og i dens Tjeneste stillede et Førsterangs Talent og den mest samvittighedsfulde Nidkjærhed.

Vi skjønnar alt her at nynorsken, med sin enkle syntaks og verbale seiemåte, kunne gitt viktige språklege bidrag til redaksjonen i Aftenposten. 

Det er interessant å sjå korleis redaksjonen i Verdens Gang, rett nok i svært varsame ordelag, tek ei språkpolitisk stilling mellom alle dei rosande orda. Ein kan lese at "Det er muligt, at det endelige Resultat ikke bliver det, som Aasen tænkte sig". Men ein erkjenner likevel at hadde det ikkje vore for Aasen, så "havde vi den Dag idag ikke været saapas langt fremme i Norskhed i Sprog og tillige i Tanke og Følelse, som vi er". 

Aftenposten snakkar òg om dei heitaste dagane i målstriden, men understreka at Aasen alltid visste å heve seg over den mest larmande polemikken: "Det er paa det blankeste Skjold, at Ivar Aasens Navn vil staa ristet i vore nationale Minders Historie.", skriv ein.