Flagg og blomar for Ivar Aasen måndag

Flagg og blomar for Ivar Aasen måndag

– Vi oppmodar folk over heile landet til å flagge for Ivar Aasen måndag 5. august, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Den dagen er det 200 år sidan språkforskaren og diktaren blei fødd. 200-årsdagen blir opna med blomeseremoniar ved statuar og graver i Oslo, Volda og Ørsta, og i USA.

Dei som vil, kan sende inn flaggfoto til admin@aasentunet.no eller publisere i sosiale medium under emneknaggen #aasen200.

 

Blomar ved bauta

Måndag morgon står direktøren i Språkrådet og ordførarane i Ørsta og Volda for blomeseremoniane. På Vår Frelsers gravlund i Oslo legg direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet blomar på grava til Ivar Aasen. Ved Aasen-statuen i Ørsta sentrum står ordførar Rune Hovde for seremonien, og i Volda legg ordførar Arild Iversen blomar på grava til Sivert Aarflot.

– Med sitt bibliotek og trykkjeri tre kilometer unna var Sivert Aarflots verk ein nødvendig føresetnad for Ivar Aasen. Difor ønskjer vi å heidre også han denne dagen, seier Ottar Grepstad. 19 år gamal debuterte Aasen som diktar i 1833 med to viser som blei trykte på Aarflots trykkjeri.

 

Feiring også i USA

200-årsdagen blir også feira i Fergus Falls i Minnesota, USA. Der avduka Hulda Garborg og Anders Hovden i 1913 ein byste av Ivar Aasen som var laga av sunnmøringen Jacob Fjelde. Måndag legg Sons of Norway ned blomar ved denne bysten kl. 18.00 lokal tid, og eit lokalt kor syng «Mellom bakkar og berg».

Eit amerikansk innslag blir det også når mållag i Oslo-området måndag ettermiddag inviterer til uformell høgtid ved grava til Ivar Aasen. Skodespelaren Svein Erik Brodal les det store «Ivar Aasen-diktet» som Tarjei Vesaas skreiv ved utgivinga av første del av Norsk Ordbok i 1950. Blant dei som helsar jubilanten, er amerikanske Jackson Crawford.

 

Flagg for Ivar Aasen!

Då Ivar Aasen blei gravlagd i Oslo hausten 1896, blei det flagga på halv stong mange stader både på Sunnmøre, i Oslo og andre stader. No oppmodar arrangørane av 200-årsjubileet nordmenn om å finne fram flagget på ny.

– Ivar Aasen viste at folk over heile landet brukte dialektane sine, og det var han som oppdaga kor mykje dialektane likna på kvarandre. Dermed blei dialektane viktigare enn før, seier Ottar Grepstad. – Takka vere dei som følgde opp arbeidet hans, blei det frå 1970-åra meir og meir vanleg at dialektar kan brukast i alle sosiale samanhengar. Er du glad i dialekten din, kan du vise det måndag med å flagge for han som var den første til å sjå verdien i den dialekten, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Ivar Aasen blei fødd i Ørsta på Sunnmøre 5. august 1813 og døydde i Oslo 23. september 1896. Språkåret 2013 er ei nasjonal feiring av det språklege mangfaldet i Noreg med grunnlag i livsverket hans. Nynorsk kultursentrum feirar 200-årsjubileet for Ivar Aasen fem dagar til ende fram til måndag kveld 5. august.