Eigen nettstad om 1814 i Møre og Romsdal
Jan AakvikFoto: SEDAK

Eigen nettstad om 1814 i Møre og Romsdal

Ein nettstad om 1814-hendingane i Møre og Romsdal vart lansert i vinter, og er framleis aktuell. Gjennom www.1814mrfylke.no vil publikum bli kjende med 1814-hendingane i eit regionalt perspektiv i Møre og Romsdal.

Samstundes blir linjene trekte gjennom heile den 200 år lange historia. Hovudtemaa er folkeopplysning og kommunikasjon.

Det er arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i Møre og Romsdal som står bak dette 1814-prosjektet, som har elevar i den vidaregåande skulen som hovudmålgruppe. Det er likevel fritt fram for andre å nytte seg av materialet som ligg på nettstaden.

Artiklar med fleire perspektiv

– Basisartiklane som ligg på nettstaden er skrivne av historikarar, etnologar, konservatorar og kunsthistorikarar ved dei ulike kulturarvinstitusjonane i fylket. Desse artiklane vil lærarar ved respektive skular kunne bruke i undervisninga, og det vil dessutan følgje med forslag til oppgåver og aktivitetar for elevane, seier Jan Aakvik ved Interkommunalt Arkiv Møre og Romsdal, éin av dei som har arbeidd mykje med prosjektet.

På nettstaden vil ein også finne flotte historiske bilete frå Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. For dei heilt spesielt interesserte har vi lagt til rette for å dykke ned i digitaliserte årgangar av gamle aviser og arkiv, slik som møteprotokollar for kommunane i Møre og Romsdal og aviser som Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Fedraheimen og Den 17de Mai.

Ungdom frå fylket bidreg

Elevar ved vidaregåande skular vert aktiviserte ved å lage eigne digitale forteljingar eller artiklar som dei sjølve publiserer på nettstaden. På nettstaden finst det òg ei side der vi strøymer inn bilete frå Instagram-app-en som er merkte med emneknaggane #1814mrfylke og #grunnlov.

Med i prosjektet er Sunnmøre Museum, Romsdalsmuseet, Nordmøre Museum, Fylkesbiblioteket, Kulturnett Møre og Romsdal, Senter for digitalisering av kulturarven (SEDAK), Interkommunalt arkiv (IKA MR), Fylkesfotoarkivet, Kunstmuseet Kube og Ivar Aasen-tunet. Innhaldet på nettstaden er produsert av institusjonene sjølve.

Følg oss på Facebook: www.facebook.com/1814mrfylke

Følg oss på Twitter: @1814mrfylke