Dei skrivande kvinnene

Dei skrivande kvinnene

Dei første kvinnelege nynorskforfattarane, kven var dei og kva skreiv dei om? Korleis blei dei mottekne? Og kva har grunnlaget deira hatt å seie for dagens kvinnelege forfattarar?

Nynorsk blei først eit offentleg skriftspråk på slutten av 1800-talet, men dei skrivande kvinnene kom sjølvsagt før den tid. Det er ikkje så mange kvinner vi kjenner til då fleire skreiv under pseudonym, men nokre av dei fortener ein presentasjon.

Den første norske bestseljande kvinnelege forfattaren var Dorothe Engelbretsdatter (1634-1716) frå Bergen. Ho var ei djupt religiøs kvinne både i livet og i skrifta, i ei tid då gudsfrykta var stor og den pietistiske livsførselen la eit solid grunnlag for haldninga om at til større liding ein utsette seg for, dess breiare vart vegen inn perleporten.

 

Dei skrivande kvinnene
standard_dorothe_engelbretsdatter.jpg

"Nu een Dag jeg eldre bleff,

Det er som mit Tancke Breff

At jeg med min vandrings Staff,

Nærmer helder til min Graff»

D.Engelbretsdatter, Afften Psalme, 3.vers.

Engelbretsdatter mista sju av sine ni born som små. Dei to som overlevde barndomen døydde seinare som vaksne, den eine i kamp mot tyrkarane, den andre forsvann og gav aldri meir lyd frå seg. Når mannen hennar døydde i 1683, sat ho att heilt åleine. Denne sorga sette sine spor, og i 1678 debuterte ho med Siælens Sangoffer og i 1683 Tåre Offer. Ho skal ha sagt at «ny sorg foraarsagede nye sange». I tillegg til salmane, som framleis er med i Norsk Salmebok, skreiv ho leilighetsdikt og rimbrev. Dorothe Engelbretsdatter var den første kvinnelege forfattaren i Noreg som levde av å skrive.

Hilde Gundersdatter Drabløs (1780-1876) var yngste dotter til den skrivande husmannen og fiskaren Gunder Olsen Drabløs (1736-1876) og kona Marte Paulsdotter, i Volda. Dei var utfattige og blant dei lågaste i Volda-samfunnet.

Hilde var berre åtte år då ho måtte ut og tene, og i sin ungdom var ho budeie hos presten Blichfeldt. Blant folk blei ho kalla grise-Hilde fordi presten dreiv med så mange grisar. Seinare blei ho trulova med ein fattiggut, men då han fekk vite at ho var med barn gjekk han frå henne. Hilde ville kaste seg i sjøen ved Andaneset men ombestemte seg. Kort tid etter fødde ho eit lite barn som døydde.

Hilde lærte av far sin å skrive, og i 1810 fekk ho trykt to songar på trykkeriet på Ekset. Den første handlar om forløbne Aars Krigs-Uroligheder og den andre Til Erindring af et kiert Sødskenbarn, navnlig Peder Jonsen Folkestad.

Etter mange år i teneste hadde Hilde nok pengar til å bygsle seg ein liten plass på Folkestad. Ho gifta seg, men når mannen blei funnen død på vedaskogen så vart Hilde driven frå plassen og enda på legda. Då ho døydde i 1876, skreiv Ola Olsson Reite: «Hun havde ogsaa evne til forfatterskab, men manglede utvikling».

«Vor Brødre maa af Landet gaa,

Og hen til Striden an at Staa

Imod Landets Fiender,

Gud styrke deres Hænder.»

Hilde Gundersdatter Drabløs

Det handla om smerte, sorg, oppofring, liding og streng gudstru. Og klasseskilje. Dorothe Engelbretsdotter kom frå Bergen, hadde ein far som var rektor og seinare sokneprest i Bergen domkyrkje, og ho gifta seg med han som seinare skulle ta over prestegjerninga til far sin. Når det kom til skrivinga hadde ho betre vilkår enn Hilde frå Volda.

Birgitte Kühle (1762-1832) er den einaste kvinna som gav ut eit eige tidsskrift på den tida, Provincial-Lecture. Bladet kom ut i 52 nummer i 1794, og inneheldt omsette britiske artiklar. Det handla om alt i frå stell av barn til korleis ein skulle forme ei pipe for å unngå røyk inne. Ho uttalte sjølv at «politik og lærd Pedanteri vil eg udelade». Det var Kühle sjølv som omsette til norsk. 

Kokebøker skrivne av kvinner er i ei særstilling i Noreg. I andre europeiske land var det vanleg at kjende, mannlege kokkar forfatta kokebøker, men i Noreg er det kvinner som Maren Elisabeth Bang, Hanna Winsnes og Henriette Schønberg Erken som er kjende for det. Opplysningsarbeidet om stell av hus og heim var også ein viktig del av dette arbeidet då ein på denne tida hadde meir kunnskap om kosthald og helse enn før. Bang gav ut den første kokeboka i 1831: Huusholdnings-Bog indrettet etter den almindelige Brug i Norske Husholdninger, denne inneheldt berre oppskrifter, seinare kom det nye utgåver med breiare innhald. I 1899 kom Hulda Garborg ut med boka Heimestell. Uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald helst paa lande. Garborg mana til å opne vindauga og sleppe frisk luft inn i husa, og at ein ikkje skal spare på vatn og såpe. Ikkje minst skal sengane vere reine og fri for utøy. Boka har til og med eit kapittel som heiter «Dumme mannfolk», der ho påstår at det berre er 10 prosent av den mannlege befolkninga som skjønar korleis dei skal vaske seg. Boka er i dag eit tidsvitne som gir oss eit smil om munnen og den har også kanskje nokre poeng vi kjenner oss at i? Den er verdt ei lesing om ikkje anna enn for den skarpe måten en er skriven på.

Boka Heimestell av Garborg kan lesast elektronisk her

Berte Canutte Aarflot (1795-1859), dotter av Sivert Aarflot som starta Aarflot Prenteverk på Ekset i Volda, gav i 1846 ut Siælens Morgen- og Aftenoffer indeholdende Bønner, Sukke og Sange paa hver Dag i Ugen tiligmed Sange paa de fire Aarets Tider. Berte Canutte Aarflot skreiv mange trøystesongar til folk som hadde mista sine born og andre nære og kjære, og var med det både ein åndeleg og praktisk rådgjevar for mange. Ho fekk sju born og gav ut ni samlingar, og er kjend for å vere den første kvinnelege haugianar som forkynte ordet i tale og skrift. Og sjølv om ho var prestekone og levde eit liv deretter, skreiv ho tydeleg om kvinna si rolle den gongen:

«alle de Prøver og Besværligheder, som denne Stand ofte medfører…Herren skjænkede os Børn, og den Møie, som er forbundet med disse især i deres spæde Alder, hviler næsten alene paa Moderen».

 

Dei skrivande kvinnene
canutte.jpg

Ei anna leiekvinne er Magdalena Thoresen (1819-1903) som kom frå København til Herøy prestegard i 1842, der ho skulle vere guvernante for prost Thoresens fem born frå andre ekteskap. Året etter gifta ho seg med prosten og i 1844 reiste dei til Bergen til eit embete i Korskirken. Prosten døydde i 1858 og ho drog attende til København i 1861, der ho fekk sitt litterære gjennombrot. Ho skreiv 25 romanar, forteljingar og diktsamlingar, men det var ein kamp om føda. I Danmark blei ho sett på som norsk, og i Noreg som dansk, og på grunn av det fekk ho mange avslag på stipend. Ho kom ein tur attende til Sunnmøre i 1871. Då hadde ho mista mann, to søner og sin eigen far. I utgivingane Billeder frå Vestkysten af Norge og Billeder frå Midnatsolens Land, kan ein finne igjen dei sterke kjenslene ho hadde for Noreg.

Dei kvinnelege forfattarane frå 1700-talet og fram til midten av 1800 talet har fleire ting til felles. Dei skriv mest sakprosa med små innslag av skjønnlitteratur i form av dikt og rim. Det gjekk i salmebøker, tidsskrift, hushaldningsbøker og bønebøker. Det handla om kvardagen og trøyst i små vers, dikt og salmar.

Den første utgivinga på landsmål, ganske nært det landsmålet som skulle kome, var det Bernhardine Catharine Brun som stod for i 1857. Nogle Decemberfrembringelser i Landsmaalet frå det sydligste Sørhordaland hadde preg frå Ivar Aasens ordbok frå 1850, og Brun gav Aasen eit eksemplar av utgivinga.

Den første kvinna som tok det nye landsmålet i bruk og fekk det på trykk etter Ivar Aasen, var Aasta Hansteen (1824-1908). Ho var engasjert i målsaka og i kvinnesaka, og ho var modell for Gunnar Heibergs skodespel «Tante Ulrikke» (1884) som er ein hyllest til ei viljesterk og sjølvstendig kvinne. Ho gav ut Skrift og Umskrift i Landsmaalet i 1862, under pseudonymet Jfr. Brun. Ho var også den første utdanna profesjonelle kunstmålaren i Noreg og var særs oppteken av kvinnesaka.

Her kan de lese boka Skrift og Umskrift i Landsmaalet av Aasta Hansteen.

Etter dette kjem dei skrivande kvinnene inn for fullt. Hulda Garborg (1862-1934) debuterte med Et frit forhold i 1892. Boka kom i ei periode då mannen Arne Garborg var mykje oppteken og ho var åleine om det meste. Hulda Garborg skreiv både på landsmål og riksmål, og det gjekk i kjønnsroller og moral.

Dei skrivande kvinnene
portrett-av-hulda-garborg-1862-1934-1924_5180708303_o (2).jpg

 

Ei anna kvinne som markerte seg var Marta Steinsvik (1877-1950). Ho gifta seg i ein alder av 19 med avismannen Rasmus Steinsvik, og blei raskt engasjert i arbeidet med avisa Den 17de Mai. Steinsvik omsette artiklar frå tysk, engelsk og fransk, og det er ikkje utenkjeleg at ho skreiv fleire ting også, men då gjerne under eit anna namn. Frå ho gifta seg i 1896 og fram til mannen døydde i 1913, fekk ho fem born, arbeidde i avisa og omsette 63 bøker. Røysta hennar har hatt mykje å seie for den norske omsetjingshistoria, med sin frie men kvalifiserte skrivestil.

Halldis Moren (1907-1995) debuterte med Harpe og dolk, som ung, ugift kvinne i 1929. Ho var dotter til den kjende diktaren Sven Moren. Både Magdalena Thoresen og Aasta Hansteen skreiv dikt, men det var ikkje sidan Dorothe Engelbretsdotter at ein kvinneleg lyrikar fekk nasjonalt gjennombrot. Med romantikkens æra bak seg, kom Halldis Moren med sin leikande, lette og underfundige tone.

«Du tonar gjennom svevnen

du vekkjer meg glad kvar gry,

du fylgjer meg trutt all dagen

og kling frå kvar soleglads-sky.

Og du er den gud eg dyrkar,

min ven og min hjartanskjær,

og elskhugs- og lidingsbarnet

eg under mitt hjarta er»

H. Moren, utdrag frå

«Min unge sang», frå Harpe og dolk.

 

Aslaug Vaa (1889-1965) debuterte ikkje før ho var 45 år (1934) med Nord i leite. Før den tid prioriterte ho mann og barn. Mannen, psykoanalytikaren Ola Raknes, reiste mykje rundt i Europa og Vaa nytta tida til å gå på forelesingar på kjende europeiske universitet.

Skilnaden på Moren og Vaa er tydeleg, der Moren leikar seg med kjærleik og håp som 22-åring, skriv 45 år gamle Vaa om håp og draumar som noko ein tek fram ved behov.

 

«Nei, no vil eg nord i leite,

— vil sjaa um der heng noko att

av dei drauman eg hengde att uooi trei i fjor,

den gongen eg laut skunde meg ned att i tunet,

stengje buret og sjaa kvor ting var der`n sill vera»

A. Vaa, utdrag «Nord i leite», frå Nord i leite

 

Alle desse kvinnene har brukt mykje av seg sjølv i forfattarskapen sin, og sånn skal det også halde fram. Dei første utmerka seg i ei verd dominert av menn der ei skrivande kvinne blei sett på som ein trussel. Kvinna hadde sin faste plass i samfunnet og der skulle ho helst halde seg, meinte mennene. Men kvinnene ville ut av det dei såg på som ein låst situasjon, og dei viste seg å vere fantastisk ressurssterke. Kombinasjonen av store barneflokkar, arbeid ved sida av vere seg i avis eller fjøs, kvinnesak, målsak og forfattarskap skremde dei ikkje. Frå dei første kvinnene som har heva stemma både i medvind og motvind, i samlingar og på papiret, skulle det kome mange fleire. Grunnlaget var lagt.

Om vi konsentrerer oss om den moderne, skrivande kvinna, så ser vi at nokre av dei same problemstillingane framleis lever. Forfattaren Gunnhild Øyehaug har fokus på dette i boka Vente, blinke. Kvinner skal ikkje ta plass, men gå rundt som eit sexy påheng, nikkande og utan ei meining om noko som helst. Gjerne berrføtt og naken under mannens for store skjorte etter ei heftig natt. Og vi blir betre kjent med fleire kvinner som vil leve livet sitt som dei sjølv har valt, ikkje etter mannsdominansen på kva som er rett og gale. Øyehaug skildrar dette på ein glitrande måte. Det finst fleire kvinneleg forfattarar som ikkje berre sett fokus på dette, men skildrar og gir stemme til den sjølvstendige kvinna. Spora er djupe etter Margunn i Glødepunkt (2011) av Hilde Myklebust, etter Hanne i Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018) av Marit Eikemo, Tonje Glimmerdal (2012) i boka med same namn av Maria Parr, Birgit i Manilahallen (2014) av Ruth Lillegraven. Og spora er mange og djupe etter fleire kvinner i litteraturen.

«Margunn freistar å sjå Steinsetbygda med nye auge, som for aller fyrste gong, men klarer det ikkje. Ho har budd her heile sitt liv, alt er plassert i sine mønster, alt her har sine vedheng, minne, forventningar eller skuffelsar. Alt er farga av livet ho har levd her, det er umogeleg å viske ut til blankt.»
Margunn frå boka Glødepunkt (2011) av Hilde Myklebust.

Ordet kvinnelitteratur har blitt mykje brukt sidan det kom på 70-80-talet. Men kva ligg bak ordet? Då det kom skildra det litteratur av kvinner som skreiv om likestillingsproblem i den private sfære. I Frankrike har det blitt forska og gitt ut mykje på dette litterære fenomenet, men i Noreg har det gått litt ut på dato. Kiosklitteratur, kvinnfolklitteratur, kvinnfolkfilmar og liknande, er ord som i dag har ein litt emmen smak, og det ligg ofte også langt frå likestillingstanken. Det same kan ein seie om mannfolklitteratur, som ikkje finst, men som i alle fall ikkje har noko godt i seg om kvinna si rolle i samfunnet.

Den seinare og moderne litteraturen er prega av alle vala vi må ta i dag. Val av arbeid og framtid, identitet, livssyn, smak og kva gruppe vi vil høyre til utanom familien er sentrale tema. Den aldri kvilande sjølvrefleksjonen har blitt eit levande monster. I boka Norg (2009) av Cecilie Holck, seier ho:

«De aller fleste ville synes det var digg å kunne slippe å være så jævlig fri hele tiden.»

Kvinnene snur seg mot andre kvinner og skålar i vin i syklubben (der det aldri har blitt sydd eit sting). Det handlar om menn, skilsmisser, barn, karriere og val. Og vondskap mot andre, utanforståande kvinner. Og mentale kriser, rasisme, død, miljø, overgrep og ME. Dystopiane eksisterer på sitt varmaste, no berre under fleire titlar enn før. Men kvinnesaka er og blir viktig. I boka Få meg på, for faen av Olaug Nilssen, møter vi dei tre kvinnene Alma, Maria og kona til Sæbjørn. Alma finn si seksuelle oppvakning som mildt sagt fører henne inn i frustrasjon. Vi får møte Maria som vil skrive i staden for å jobbe som vaskehjelp, og kona til Sæbjørn som aldri har hatt arbeid og livet heime som kone og mor har mista all meining. Boka er skriven på ein humoristisk måte, og innhaldet får ein både til å le og bli flau, men bak alt dette ligg det ein alvorleg bodskap. Det er framleis ei skam å kjenne på lyst, det er framleis vanskeleg å ta seg fram som forfattar når ein ikkje har ressursar, og kjensla av å miste seg sjølv i husmorrolla er like aktuell i dag som for 150 år sidan. Det er som om vi høyrer Hilde og Berte Canutte frå Volda.

Men ut av dette kjem det også vakre, meiningsfulle og gode forteljingar, dikt, salmar og sakprosa som i dagens samfunn også verkar som trøyst og lindring, men også til motivasjon.

«Det Tonje hugsar best i ettertid, er suget i magen i det ho bikkar utfor bakkekanten. Løvekrøllane til Glimmerdalens vesle dunder strekkjer seg ut og vert fartsstriper på sida av hjelmen

Maria Parr, Tonje Glimmerdal, 2009

Dorothe Engelbretsdotter, Hilde frå Volda, Berte Canutte Aarflot, Aasta Hansteen, Marta Steinsvik, Hulda Garborg, Aslaug Låstad Lygre, Marie Takvam, Anna Skeide, Åsta Holth, Eldrid Lunden, Signe Seim, Liv Holtskog, Marta Schumann, Åse-Marie Nesse, Sissel Solbjørg Lund, Karin Moe, Eva Jensen, Rønnaug Kleiva, Odveig Klyve, Solfrids Sivertsen, Brit Bildøen, Magnhild Bruheim, Ragnhild Kolden, Marit Eikemo, Marit Kaldhol, Ragnfrid Trohaug, Erna Osland, Bente Bratlund, Aina Basso, Kari Stai, Maria Parr, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn, Mette Karlsvik, Kjersti Rorgermoen, Nora Simonhjell, Charlotte Riise, Kristina Leganger Iversen, Marianne Clementine Håheim, Hilde Myklebust, Inger Bråtveit, Hildegunn Dale, Guri og Sigrid Sørumgård Botheim, Catherine Blaavinge Bjørnevog, Ingrid Storholmen, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof, Tharanigah Rajah og mange, mange fleire sterke og viktige kvinnestemmer.

I dag kan ei kvinne skrive om det ho ønskjer. Tusen takk for alt de har skrive for oss, og vi ser fram til det som kjem i framtida.

 

Skrive i samband med arrangementet Bok og bakverk i Ivar Aasen-tunet på kvinnedagen 8. mars 2019, av bibliotekar Siri Beate Gjerde.

 

Kjelder

Fet, Jostein. Skrivande bønder. Skriftkultur på Vestlandet 1600-1850. Det Norske Samlaget, 2003.
Grepstad, Ottar. Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk. Det Norske Samlaget, 1997.
Kvalbein, Laila Akslen. Feminin barokk. Universitetsforlaget, 1970.
Moren, Halldis. Harpe og dolk. Aschehoug Forlag, 1930.
Myklebust, Hilde. Glødepunkt. Det Norske Samlaget, 2011.
Nilssen, Olaug. Få meg på, for faen. Det Norske Samlaget, 2005.
Norheim, Marta. Røff guide til samtidslitteraturen. Det Norske Samlaget, 2007.
Norheim, Marta. Oppdateringar frå lykkelandet. Røff guide til samtidslitteraturen. Det Norske Samlaget, 2017.
Parr, Maria. Tonje Glimmerdal. Det Norske Samlaget, 2009.
Vaa, Aslaug. Nord i leitet. Gyldendal Norske Forlag, 1934.
Aasen, Elisabeth. Kvinners spor i skrift. Det Norske Samlaget, 1986.

www.allkunne.no
www.snl.no