Dei politiske partia feirar Ivar Aasen
Foto: Pressefoto

Dei politiske partia feirar Ivar Aasen

Med Sp-leiar Liv Signe Navarsete og nestleiar Dagrun Eriksen frå KrF i spissen samlast dei politiske partia til feiring av Ivar Aasen på 200-årsdagen måndag. Dei kjem alle saman til Ivar Aasen-tunet for å snakke om verdien av nynorsk og leggje kvar sine blomar ved Aasen-bautaen. Der er dei også inviterte til å lese kvar sine Aasen-tekstar.

– Vi er overmåte glade for at åtte parti heidrar Ivar Aasen på fødselsdagen hans, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Dei kjem for å snakke politikk, og det skal dei få gjere i ei form som passar for ein slik dag. Vi reknar med at dei kjem for å styrkje arven etter Aasen på den viktigaste dagen i Språkåret 2013.

 

Partileiarar og framståande representantar

Ved Aasen-bautaen kan dei som vil, lese ein Aasen-tekst.

Partia blir representerte med både leiarar, nestleiarar, stortingsrepresentantar, førstekandidatar og ordførarar.

Nestleiar Dagrun Eriksen kjem frå Kristeleg Folkeparti, førstekandidat i Sogn og Fjordane Ingunn Kandal frå Raudt, stortingsrepresentant Hallgeir Langeland frå SV og leiar Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet. Førstekandidat i Møre og Romsdal Pål Farstad representerer Venstre, og andrekandidat i Møre Romsdal Fredric Holen Bjørdal representerer Arbeiderpartiet. Ordførar Arnulf Goksøyr kjem frå Høgre og stortingsrepresentant Oskar Grimstad frå Fremskrittspartiet.

 

Andre gongen partia feirar Aasen samla

Dette er andre gongen alle partia går saman om å feire Ivar Aasen, fortel Ottar Grepstad. Første gongen var i Aasen-året 1996. Då planta representantar for sju parti ei bjørk i Aasen-tunet. Måndag møtest partia på ny ved denne bjørka, no endå fleire enn sist.

– Det er stort sett to ting norske politiske parti har stått saman om etter 1945, seier Grepstad. - I 1945 vedtok dei Fellesprogrammet, og i 1997 planta dei ei bjørk i Aasen-tunet. Når dei no kjem att, reknar vi med dei gjer det fordi dei vil styrkje arven etter Ivar Aasen, seier direktør Ottar Grepstad.