Billettar til Dei nynorske festspela 2019
Mari Boine og Sigvart DagslandFoto: Hohenberg og Asbjørnsen

Billettar til Dei nynorske festspela 2019

Allereie no kan du sikre deg festspelpass og billettar til konsertane med Mari Boine og Sigvart Dagsland under Dei nynorske festspela 13.–16. juni 2019.

Kjøp billett

Festspelpass - Dei nynorske festspela 2019

Fredag 14. juni kl. 20.00 Uteamfiet, Aasen-tunet
Mari Boine

Laurdag 15. juni kl. 21.00 Uteamfiet, Aasen-tunet
Sigvart Dagsland

Carl Frode Tiller er festspeldiktar i 2019

Carl Frode Tiller er festspeldiktar på Dei nynorske festspela 13.-16. juni 2019 i Ørsta og Volda. – Eg har så mykje å takke nynorsken for, seier forfattaren.

– Carl Frode Tiller er ei av dei sterkaste stemmene i norsk litteratur, ein av dei som viser oss kva menneskesinnet kan romme. Vi ser fram til å løfte fram fleire sider av forfattarskapen hans for publikum, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.

Carl Frode Tiller deltek på fleire arrangement under Festspela, og forfattarskapen hans kjem til å prege programmet både direkte og indirekte. Han vil vere den første festspeldiktaren frå Trøndelag, og han fortel at nynorsken gav han sjansen til å bruke dialekten sin i bøkene.

– Eg vart både stolt og glad då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019. Eg har så mykje å takke nynorsken for. Han gav meg sjansen til å bruke trønderdialekten min i det eg skriv, og hadde det ikkje vore for det, veit eg ikkje om eg hadde vore forfattar i dag. Eg hadde iallfall vore ein dårlegare forfattar, seier Tiller.

Billettar til Dei nynorske festspela 2019
CarlFrodeTillerogOlavyehaugOpsvik_fotoGautevereng.jpg

 


Tiller debuterte med romanen 
Skråninga i 2001, og har sidan den gongen skrive fem ytterlegare romanar og tre teaterstykke. Han skreiv sjølv om debutromanen til teater for Det Norske Teatret i 2004, medan den siste romanen hans, Begynnelser, først blei skrive og sett opp som eit teaterstykke av Trøndelag Teater i 2016. Tiller har motteke mange prisar for forfattarskapen sin, og har mellom anna blitt kåra til ein av landets ti beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet i 2005. Tiller er ein av to norske kandidatar til å vinne Nordisk råds litteraturpris 30. oktober 2018. 

Forteljingar er tema i 2019

Kvart år har Dei nynorske festspela eit utvald tema som pregar programmet. Forfattarskapen til Tiller var ein stor del av inspirasjonen då vi valde Forteljingar.

– Med Tiller, Forteljingar og Bokåret 2019 har vi eit fantastisk utgangspunkt for eit variert og spennande program til Dei nynorske festspela 2019, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik. – Vi gler oss alle stort til samarbeidet med Tiller, og til å fylle bygdene våre med sterkt innhald og rike opplevingar, avsluttar han.

Mari Boine 

Fredag 14. juni spelar Mari Boine i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela. – Dette blir stort! seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Boine har med utgangspunkt i joik og samisk musikk skapt eit personleg uttrykk med element frå rock, jazz og musikk frå andre kulturar

– Mari Boine er ein stor internasjonal artist, og ein stolt formidlar av språket og kulturen sin. Boine er kjend for å levere fantastiske og stemningsfulle konsertar, med musikarar av aller høgste kvalitet. Vi er svært stolte av å ha Boine på festspelprogrammet, seier Opsvik.

Mari Boine har eit sterkt engasjement for den samiske kulturen og har vore kritisk til kyrkja, fornorskingspolitikken, og det norske samfunnets overgrep mot samane. Dette har i stor grad vore med på å prege både musikken og tekstane hennar.

– Eg har levd med og i denne musikken i over tre tiår, og for meg er det meir ein medisin. Den har endra meg frå eit skjelvande lauv, til ein modig artist, sa Boine i takketalen då ho fekk Spellemannprisens heiderspris tidlegare i år. Boine vart utnemnt til Riddar av første klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden i 2009 og vart innlemma i Rockheim Hall of Fame i 2015.

Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og Forteljingar som tema. Festspelpass og billettar til Mari Boine er lagde ut for sal.

 

20.00–21.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet

Mari Boine

Kr 400 i amfiet/ honnør, student og ungdom 300 / barn 200

Kjøp billett til konserten her

 

Sigvart Dagsland

Laurdag 15. juni spelar Sigvart Dagsland i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela.

– Det er veldig kjekt å få ønskje Sigvart Dagsland velkomen tilbake til Ivar Aasen-tunet. Med både tekst og tonar klarer han å ta tak i djupe og alvorlege tema og skape vakker musikk med brei appell, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.

Sigvart Dagsland er ein folkekjær artist med stort og allsidig repertoar. Sidan 1985 har han gitt ut 15 soloalbum, halde eit utal konsertar og fått fleire prisar, mellom anna Prøysenprisen i 2008. Dagsland debuterte som tekstforfattar på det tiande albumet sitt, «Fri» i 1998, og har seinare skrive mange av tekstane sine sjølv. Dagsland har seld meir enn 250 000 plater berre i Noreg.

Den folkekjære artisten kjem til Dei nynorske festspela med fullt band. – Dagsland-billettane er lagde ut for sal, og eignar seg godt som julegåver, avsluttar Opsvik.

Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og Forteljingar som tema. Festspelpass og billettar til konsert med Mari Boine er også lagde ut for sal.

Meir om Sigvart Dagsland på Allkunne.no.

 

Laurdag 15. juni kl. 21.00

Sigvart Dagsland med band

Kr 400 i amfiet / honnør, student og ungdom 300 / barn 200

Kjøp billett her

 

Vil du vere frivillig?