Arbeidet med Vinje-senteret i Vinje er i gang
Arne Vinje og Lodve SolholmFoto: Vinje kommune, Aasen-tunet

Arbeidet med Vinje-senteret i Vinje er i gang

– Vinje kommune meiner alvor når vi no set i gang arbeidet for å skape eit Vinje-senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald. Med Nynorsk kultursentrum har vi fått den samarbeidsparten vi ønskte, seier ordførar Arne Vinje.

– No har vi opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, og responsen frå publikum overveldar oss. Alle røynslene frå dette arbeidet kjem Vinje-senteret til gode, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Dei to samarbeidspartane har nyleg bedt om møte med politisk leiing i Kulturdepartementet før jul for å presentere prosjektet.

I selskap med Aasen-tunet og Hauge-senteret

Med 24 røyster mot ei røyst godkjende Vinje kommune i vinter ein intensjonsavtale med Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret. Frå og med dette skuleåret er Vinje skule i gamle Vinje nedlagd, og planen er at skulebygningen skal hyse mellom anna Vinje-senteret.

– Denne løysinga inneber at vi bruker ein bygning som alt finst, og det er god offentleg økonomi å gjere det, seier Solholm. Hauge-senteret i Ulvik held til i det gamle heradshuset i Ulvik, og dette senteret for Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser er den billigaste nasjonale kulturinstitusjonen som er blitt opna på lang tid.

Telemark fylkeskommune tek stilling

Torsdag tek hovudutvalet for kultur i Telemark fylkeskommune stilling til ein invitasjon om å bli medstiftar i Nynorsk kultursentrum. Fylkesrådmannen har lagt fram ei positiv innstilling som føreset at fylkeskommunen har ein medlem i den prosjektgruppa som no blir oppretta. Nynorsk kultursentrum har teke på seg å leie eit utviklingsprosjekt for Vinje-senteret som skal leggje fram ei samla tilråding innan utgangen av 2015.

– Leiinga i Nynorsk kultursentrum har alt gjort framifrå arbeid, seier ordførar Arne Vinje. Nyleg hadde direktør Ottar Grepstad 14 møte på tre dagar med lag og institusjonar i Vest-Telemark for å byggje eit solid lokalt grunnlag. Seinare går turen til fylkesinstitusjonane. Også Telemarks-benken og andre sentrale stortingsrepresentantar vil merke at arbeidet er i gang med eit nytt, rimeleg litterært museum i Noreg.

Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, Allkunne og sju nettstader, og hadde prosjektansvaret for Språkåret 2013. Konsernet er gjeldfritt og har i 2014 budsjettert med samla inntekter på 32 mill. kr.