200 born møtte ein ekte Blåmann i Aasen-tunet

Fredag 14. september var det storinnrykk i Aasen-tunet då 200 barnehageborn fekk sjå dokketeater om Blåmann og møte ein ekte geitebukk.

Å ha ein besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir. Det er fint, det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Blåmann, Blåmann bukken min er ei heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel av og med Siw Elena Skinnemoen. Framsyninga byggjer på songen som Aasmund Olavsson Vinje skreiv i 1860.

Ute i tunet var geitebonde Jon Magne Krøvel og Blåmann på besøk, og alle som ville, fekk helse på den levande bukken med dei store horna. Det var både spennande og kjekt, og borna venta tolmodig i kø. 

Ute var det også lagt opp til fleire aktivitetar, både teikning og ertepose-kasting, og dei små gjestene fann seg ei roleg krå for matpause mellom aktivitetane.

Dokketeaterframsyninga er frå Folkeakademiet og arrangementet i Aasen-tunet kom i stand etter initiativ frå barnehagane i Ørsta.