200 år sidan dåpsdagen
Ivar Aasen 1871Foto: C. C. Wischmann

200 år sidan dåpsdagen

Torsdag 8. august 2013: I dag er det 200 år sidan Iver Andreas Aasen blei døypt i Ørsta kyrkje.

Foreldra Ivar og Guri kalla han opp etter faren. Dermed blei namnet hans skriftfesta for første gong. Det var ein gut som fekk mange namn. I oppveksten blei han gjerne kalla Iva eller Åse-Andreas i heimbygda. 19 år gamal debuterte han med to skillingsviser under namnet Iver Andreas Iversen Aasen. Namnet Ivar Aasen tok han i bruk frå 1846, men som oftast signerte han brev og tekstar med I. Aasen, og særleg dikt publisert han anonymt. I alt er dei publiserte tekstane hans signerte med ni ulike namn og initialar.

Les meir om Ivar Aasen her.

    Artikkellesar