– Viktige nynorskbrukarar i alle partigruppene

– Viktige nynorskbrukarar i alle partigruppene

– Alle partigruppene i det nye Stortinget vil ha viktige nynorskpolitikarar. Dei partia som har programfesta den mest positive nynorskpolitikken, gjorde til saman eit godt val. Nynorsk kultursentrum ønskjer eit godt samarbeid med alle partia i Stortinget, seier direktør Ottar Grepstad i ein kommentar til stortingsvalet.

Like mange nynorskbrukarar i det nye Stortinget

Dei partia som har programfesta den mest positive nynorskpolitikken for åra 2014–2017, kom til saman noko styrkte ut av dette valet. – Språkpolitikk er ei av konfliktsakene som kløyver det nye stortingsfleirtalet, men Nynorsk kultursentrum ønskjer eit godt samarbeid med alle partia i Stortinget, seier Grepstad.

I det Stortinget som no takkar av, brukte 20 av 169 representantar nynorsk. Så få nynorskbrukande stortingsrepresentantar har det ikkje vore sidan 1920-åra. Det kan bli om lag like mange i det nye Stortinget. Regjeringa Stoltenberg II hadde fleire nynorskbrukande statsrådar enn det som har vore vanleg. Det meiner Ottar Grepstad hadde mykje å seie for dei språkpolitiske vedtaka i regjeringa.

– Det er viktig at mange i regjeringa og Stortinget bruker nynorsk, og profilerte nynorskbrukarar vil finnast i alle partigruppene, seier Grepstad. – Vi vonar dei vil samarbeide på tvers av partigrenser på ein slik måte at ei ny regjering får støtte for tiltak som gjer det lettare å vere nynorskbrukar.

Sterkare sentrum styrkjer nynorsk

Stoltenberg-regjeringa utvikla den mest ambisiøse språkpolitikken noka regjering har lagt fram sidan Venstre jamstilte bokmål og nynorsk i 1885, meiner Grepstad. Eit breitt fleirtal i Stortinget stilte seg bak språkmeldinga i 2009.

No vonar nynorskdirektøren at ei ny regjering fører vidare hovudlinjene og viser i praksis kva språkleg toleranse handlar om.

Innspel til det nye stortingsfleirtalet

Til 200-årsdagen for Ivar Aasen i august la Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag fram ei ambisiøs felleserklæring om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret.

– Den sender vi no til dei fire partileiarane som skal forhandle om regjering og politisk plattform, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

 
Les felleserklæringa frå Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag her.