– Vi vil takke Noreg
Representantar frå alle dei politiske partia ned ned kvar sine blomar ved Aasen-bautaen i Hovdebygda for å markere 200-årsjubilanten.Foto: Anders Aanes

– Vi vil takke Noreg

– Vi vil takke folk over heile landet for at Ivar Aasen fekk den 200-årsdagen han fortente, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Det har bobla i alle sosiale medium desse dagane, folk flagga for Aasen i nord og sør frå fjell til strand, og heile det politiske Noreg har forplikta seg til vidare arbeid for nynorsk.

På 200-årsdagen for Ivar Aasen snakka framståande politikarar frå alle dei politiske partia varmt om verdien av nynorsk, Widerøe-passasjerar og passasjerar på bussar og ferjer fekk flygeblad, Bergens Tidende gav ut heile avisa på nynorsk, Hotell Union i Geiranger heiste alle flagg til topps, og i USA heidra Sons of Norway Ivar Aasen med blomar og eit amerikansk kor som song «Mellom bakkar og berg» på norsk.

Ivar Aasen-tunet var hovudscena

– Folk i alle aldrar var med på å feire Ivar Aasen, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. – Vi la vinn på å treffe breitt, og då er det stas å sjå at både born, unge og vaksne i fleire generasjonar fann noko å glede seg over i programmet. Alle har fått vite noko om Ivar Aasen som dei ikkje visste frå før. Det har vi også gjort, seier Øvereng.

Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur i Ørsta. Dette var hovudscena for ei fem dagar lang feiring av 200-årsdagen som også var eit av basisarrangementa i Språkåret 2013.

Gjester langvegsfrå

Folk kom langvegsfrå for å vere med på feiringa. Dei fem dagane inneheldt både foredrag, konsertar, monologar og omvisingar i utstillingane. Særleg populær var formidlingsfiguren Lurivar med sine daglege spesialprogram og nyskriven fødselsdagssong til jubilanten. Språkåret 2013 hadde premiere på musikkfilmen «Dei gamle fjelli» fredag, som over 10 000 no har sett på YouTube.

– Gjennom utstillingar, arrangement og ein ny biografi har vi ønskt å formidle eit moderne bilete av det Ivar Aasen utretta og den rike arven Noreg har etter han, seier Øvereng. Han takkar særskilt lokale mållag og Nordisk Sommeruniversitet for samarbeidet.

For arrangørane var eitt av mange høgdepunkt festmøtet for Aasen-slekta søndag. Den blei avslutta med at 130 etterkomarar etter søskena til Ivar Aasen song «Mellom bakkar og berg». – Eit minne for livet, seier Ottar Grepstad.

Blir aldri ferdige med Ivar Aasen

I slutten av juni var Ivar Aasen-tunet hovudarenaen for Dei nynorske festspela med 47 arrangement. Fem veker seinare gjorde Ivar Aasen-tunet 200-årsfeiringa for Ivar Aasen til ein ny festival med 35 arrangement som samla bort imot 2000 gjester.

– Vi visste at dette var hovuddagen i Språkåret 2013, og at vi berre hadde denne eine sjansen. Å sjå kor mange Ivar Aasen er viktig for, gir oss nye krefter til vidare arbeid, og det har alt gitt oss nye idear. Ivar Aasen blir dette landet aldri ferdig med, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.