– Små, men viktige språkpolitiske endringar i budsjettforliket
Foto: Sunniva Lund Osdal

– Små, men viktige språkpolitiske endringar i budsjettforliket

– Budsjettforliket inneber 2,2 millionar kroner til Nynorsk avissenter i Førde. Saman med endringane i pressestøtta, innkjøpsordningane for barnelitteratur og NRK-lisensen er dette ein viktig pluss for nynorskbrukarane.

Vi takkar sentrumspartia for at dei dreiv fram desse sakene og regjeringspartia for at dei sa ja, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Grepstad set sin lit til at kulturkomiteen i Stortinget følgjer opp med fleire forbetringar. – Komiteen har pengar å handle for. Vi vil særleg arbeide for at det årlege tilskotet til Landssamanslutninga av nynorskkommunar kjem inn att, og vonar komiteen vil vere med og løfte Det Norske Teatret, seier Ottar Grepstad.

Endringane i budsjettforliket er for små til at dei slår ut på nynorskindeksen for statsbudsjettet. Nynorskindeksen viser at den samla satsinga på nynorsktiltak utgjer ein mindre prosentdel av kulturbudsjettet enn nokon gong før på 2000-talet.

– I tillegg til dei sakene som har vore framme i forhandlingane, må den vidare drifta av Norsk Ordbok sikrast, seier direktøren i Nynorsk kultursentrum. – Saman med tunge aktørar i høgare utdanning og publisistikk arbeider vi med ei prosjektskisse som vi vonar kan gi grunnlag for vidare handling i saka, seier Ottar Grepstad.