– Grunnlova blir no lettast å forstå på nynorsk
Foto: Sunniva Lund Osdal

– Grunnlova blir no lettast å forstå på nynorsk

– Når Stortinget i dag vedtek Grunnlova på moderne nynorsk, bind dei det folkevalde språket nynorsk uløyseleg til framtida. Berre jamstillingsvedtaket frå 1885 er viktigare enn dette. Vi takkar dei som dreiv fram saka og dei som snudde i tide, seier ein nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

- Der er ein del viktige symboldatoar i nynorsk kulturhistorie. No kan vi leggje til 6. mai på den lista, seier Grepstad. – Det bør vere ein tankevekkjar for mange at utanfor Stortinget var nynorskmiljøet blant dei som tydelegast argumenterte for at Grunnlova må formast på både moderne bokmål og nynorsk. Det er dårleg gjort mot bokmålsbrukarane at dei framleis må lese Grunnlova på gamaldags bokmål. No får dei i det minste sjansen til å erfare at Grunnlova er lettare å forstå på nynorsk enn på bokmål, seier Grepstad.

Provosert av Høgre

I april sende både Nynorsk Forum og rådet i Nynorsk kultursentrum brev til Stortinget med støtte til framlegget om Grunnlova på moderne bokmål og nynorsk. Det var Høgre som provoserte fram dei breva.

– Vi bråvakna då Michael Tetzschner hevda at det slett ikkje var noko folkekrav at Grunnlova også skulle finnast på nynorsk. Kort tid etterpå hadde Stortinget fått brev om dette frå avsendarar som representerer over 40 viktige institusjonar og organisasjonar i Noreg, seier Grepstad.

Omsett til nynorsk fem gonger

I brevet sitt peika rådet i Nynorsk kultursentrum på at Grunnlova har vore omsett til nynorsk fem gonger mellom 1875 og 2012. I brevet heitte det også:

«Ein av dei som tidleg brukte Grunnlova til støtte for synspunkta sine, var Ivar Aasen. Berre 22 år gamal viste han nettopp til Grunnlova og dei rettane denne gav for allmenta då han i 1836 formulerte det som seinare blei hans program for nynorsk. Det er viktig at Grunnlova også i dag kan gi meining i allmenne ordskifte om folkestyre og samfunnsutvikling. Å gjere Grunnlova tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk er å gjere grunnlaget for folkestyret tilgjengeleg for veljarane og for eit endå betre ordskifte om demokrati på norsk.»

– Grunnlova er først og fremst eit politisk dokument om korleis det norske samfunnet skal organiserast. No styrkjer Stortinget folkestyret og den formelle jamstillinga av bokmål og nynorsk. Det Stortinget gjer i dag, byggjer ei vakker bru mellom Språkåret 2013 og grunnlovsjubileet 2014, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.